– Eg brenn for fylket mitt

Sogn og Fjordane er eit flott fylke, med mange ressursar og ei stor spennvidde. Slik karakteriserer Anne Karin Hamre (46), nytilsett fylkesmann i Sogn og Fjordane, fylket der ho no skal vere statens forlengde arm.

Det er så fint å bu i Sogn og Fjordane at ein berre må få fleire til å bu her, skal ein tru Hamre. Men er det berre noko ho seier? Er det ikkje slike ting ein fylkesmann nesten må seie?

Anne Karin Hamre er ikkje ukjend med kva rolla som fylkesmann inneber. Hamre har vore tilsett hjå Fylkesmannen sidan 1998, som rådgjevar, administrasjonssjef og sidan assisterande fylkesmann. Før det har ho jobba som journalist i avisa Sogn og Fjordane, i Bergens Tidende og i NRK Sogn og Fjordane, ho har jobba med forskingsformidling for Vestlandsforsking og undervist ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho er dessutan meir enn gjennomsnittleg oppteken av språk, seier ho. Ho kjenner truleg flokselen på gangen.

Ho snakkar altså med stort truverde og entusiasme når ho legg ut om besøket ho nettopp hadde på Hydro sitt teknologisenter i Årdal. Der har folk med mange ulike nasjonalitetar kome til med kompetansen sin og sett fart i den teknologiske utviklinga. Om neste besøk til Måløy, der ein no skal erstatte gruvedrift med datalagring i den nedlagde Lefdal gruve i nabokommunen Eid. Og om fiskerinæringa, som har god utvikling, men også utfordringar. Slik som fylket hennar også har: potensial, høve, men også utfordringar.

– Vi strevar med det same som mange andre; sentralisering og ei negativ folketalsutvikling. Vi må jobbe hardt for å behalde dei vi har, og aller helst vil vi ha ein auke i folketalet.

Anne Karin Hamre kjenner organisasjonen ho no skal leie, svært godt etter 13 år hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Når vi spør kva jobben til ein fylkesmann eigentleg inneheld, må ho le litt. Det er så mykje, seier ho og passar på å nemne at ho har svært lojale medarbeidarar med seg på jobben.

­– Eg skal leie ein organisasjon som har ansvaret for fleire viktige område: landbruk, helse og sosial, barnevern, skule, barnehage og miljø. I tillegg er vi ein rettstryggleiksinstans, og mykje av jobben vår er å drive klagesakshandsaming, det vil seie klagar på kommunale vedtak.

Fylkesmannen si oppgåve er ikkje berre å sjå til at statlege pålegg blir følgde, men også å samordne oppgåver, slik at ikkje staten blir oppfatta som eit mangehoda troll. Det handlar dessutan om at informasjonsflyten skal gå begge vegar, seier ho.

– Vi må også vere ein lyttepost på vegner av folket og formidle det vi høyrer, inn til sentrale organ.

Det er avgjerande for Fylkesmannen å ha eit godt forhold til kommunane, og Hamre kjenner seg ikkje heilt igjen i skildringa vår av eit tilhøve mellom kommunane og Fylkesmannen som til tider kan vere konfliktfylt. Ho peiker på brukarundersøkingar som syner at kommunane oppfattar Fylkesmannen som tilgjengeleg, ein plass å søkje råd, sørvisinnstilt og som ein instans som har forståing for kommunane sin situasjon. Men sjølvsagt kan det vere utfordringar i skjeringspunktet mellom Fylkesmannen sitt ansvar for å få gjennomført statleg politikk og kommunen sitt ønskje om sjølvråderett. Igjen, det handlar om å vere lydhør, seier Hamre. Og det er ikkje alltid tilsyn er det rette svaret på utfordringane, meiner ho.

Nettopp derfor er det viktig å syte for tilstrekkeleg med møtepunkt kor dei ulike organisasjonane kan treffast, diskutere og få forståing for og innsyn i utfordringane den einskilde har. Det gjeld så vel folkevalde og administrasjonen i kommunane som KS og andre organisasjonar som har påverkingskraft.

Og så bloggar ho. Fylkesmannsbloggen har eksistert i to år, og blir oppdatert – om ikkje kvar veke – så i alle fall så ofte det er tid og noko relevant å snakke om.

– Vi prøver å skrive om dagsaktuelle tema, og ønsket vårt er å gjere stoffet meir tilgjengeleg og kortfatta enn til dømes brev og artiklar kan vere.

Informasjon ut til brukarane, innbyggjarane, er viktig. Ikkje berre at det kjem ut, men kanskje vel så viktig kva form det kjem i, insisterer Anne Karin Hamre.

– Folk må forstå det vi skriv.

Enkelt og greitt. Folk må forstå om dei har fått medhald eller avslag i ei sak – og det med éin gong, seier ho og utdjupar: – Vi har bestemt at brev skal utformast slik at konklusjon og oppsummering kjem innleiingsvis. Ein skal ikkje måtte lese seg gjennom fleire sider før ein skjønar kva resultat vi har kome fram til.

Målbruksplan har dei også innført. Eller Rettleiar i godt språk, som han heiter. Han tek for seg generelle retningslinjer, grammatikk og regelverk. Språk er dessutan trekt fram som eit viktig område i strategiplanen deira og skal vere tema på møte minst éin gong i halvåret. Tilhøvet til nynorsk oppsummerer ho slik:

– Vi er eit nynorskfylke, vi følgjer mållova, og nynorsk har alltid vore språket mitt.

Anne Karin Hamre er den første kvinnelege fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi ber ho reflektere litt over det.

– Det er framleis ei stor overvekt av menn i leiande stillingar i Sogn og Fjordane. Eg meiner det er sunt med ein betre balanse mellom kjønna i desse stillingane. Eg håpar òg at eg kan inspirere fleire kvinner til å søkje leiarstillingar. Å vere leiar er både morosamt og spennande!

– Burde tittelen du har, vore meir kjønnsnøytral?

– Ideelt sett, ja. Men det er vanskeleg å kome opp med noko godt alternativ. Det ser ikkje ut til at tittelen hindrar kvinner i å søkje embetet. Med dei siste utnemningane i juni er det like mange kvinnelege som mannlege fylkesmenn.

– Kva gjer du på fritida?

Låtten er der igjen.

– Å vere fylkesmann er ein relativt krevjande jobb. Men når eg har fri, likar eg å gå til fjells, sommar som vinter. Vi er ein gjeng som går tur kvar tysdag i sommarhalvåret, det prøver eg å få med meg. Om vinteren går eg på ski.

– Bortoverski eller nedoverski?

– Haha. I Sogn og Fjordane er det nesten berre mogeleg å gå rett opp og renne rett ned.

 


Sjølvmelding

Alder: 46

Bur: i Sogndal

Sivil status: gift, tre born

Aktuell: ny fylkesmann i Sogn og Fjordane

Les: lokalaviser, BT og Aftenposten, og ei bok i ny og ne

Høyrer på: rock og opera, nyhende på radio

Førebilete: ingen spesiell – alle som gjer ein stor innsats for fellesskapen

Utskrift E-post

Fleire Nyhende

Prøveordning skal gi meir litteratur til…

04-10-2019

  Om lag 200 skulebibliotek blir inkluderte når Kulturrådet utvidar innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar for barn og unge.

Les meir

Seks nye bøker i Leseland-serien

19-09-2019

  Maria Parr, Laurda Djupvik, Atle Berge og Anders Totland kjem med nyskrivne forteljingar i den populære Leseland-serien.

Les meir

Nasjonal fagkonferanse om det nye norskf…

19-09-2019

  Nynorsksenteret inviterer til nasjonal fagkonferanse på Hamar 19.-20. november om det nye norskfaget med fokus på skriving, lesing, nynorsk og vurdering.

Les meir

Store sprik i valdeltakinga i samanslått…

10-09-2019

Ingen stader i landet var valdeltakinga i kommunevalet i år større enn i Vestland. Samtidig er det store sprik i valdeltakinga i nye kommunar.

Les meir

Ny språklov: – No vert det raust på ekte

27-08-2019

  Nynorsk kultursentrum meiner den føreslegne språklova vil gi eit sterkare vern om språkmangfaldet i Noreg.

Les meir

Linda Eide er årets «Storegut»

04-07-2019

  Journalist, programleiar og forfattar Linda Eide får Storegutprisen 2019 for å formidla kunnskap om språk med integritet og ein solid dose humor.

Les meir

Bitte litt meir nynorsk ved Universitete…

01-07-2019

  Universitetet i Agder (UiA) bad for eitt år sidan Kunnskapsdepartementet om å få sleppe nynorsk, men har etter den tid prøvd å ta seg saman. 98,5 prosent av langtekstane var...

Les meir

Reagerer på omsetting på eksamen: – Vert…

19-06-2019

  Nynorskelevar klagar på at omsettinga av avsluttande biologieksamen var tvitydig. Norsk Målungdom fryktar at hendinga ikkje er unik.

Les meir

Bibliotekarar etterlyser opplæring og re…

11-05-2019

Tilsette ved folkebiblioteka i Møre og Romsdal ønskjer seg meir opplæring og ressursar for å møta dei nye oppgåvene biblioteka er pålagde, viser ny undersøking.

Les meir

Ordføraren vart kalla «fitte», «hore» og…

11-04-2019

  Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy blei sjuk etter lang tid med sjikanerande meldingar og hets. Ho oppmodar folk til å oppføra seg i valkampen.

Les meir

Gjendikt Cohen på nynorsk

05-04-2019

Festivalen Bygdalarm i Norheimsund i Hardanger inviterer til konkurranse om å gjendikte Leonard Cohen på nynorsk eller dialekt.

Les meir

Program for landstinget til LNK 2019

03-04-2019

  Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) inviterer til landsting i Førde 6.-7. juni på Scandic Sunnfjord Hotell. LNK vil samstundes feira 25-årsjubileet sitt. Me håpar alle medlemskommunar, andre medlemmar og alle andre...

Les meir

Fløgstad melde seg ut av Forfatterforeni…

27-03-2019

Kjartan Fløgstad misliker sterkt at Forfatterforeningen sa unnskuld til 17 forfattarar som blei dømde i Æresretten etter krigen. På årsmøtet i helga melde han seg ut i protest.

Les meir

Berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav …

27-03-2019

Miljø skal som hovudregel vektast minst 30 prosent i offentlege anbod. Berre éin av fem kommunar set dette kravet, viser ei undersøking gjort av Framtida.no.

Les meir

Noregs Mållag krev at regjeringa priorit…

18-03-2019

Noregs Mållag håpar regjeringa no gjer ord om til handling og sikrar språkdelt ungdomsskule og læremiddel på begge målformer.

Les meir

«Slåttekar i himmelen» vert teater

14-03-2019

  Det Norske Teatret og Teatret Vårt i Molde samarbeider om å laga sceneversjonen av den første boka i slektskrøniken av Edvard Hoem.

Les meir

Språkrådet ikkje imponert over NSBs nye …

14-03-2019

Språkrådet rådde opphavleg NSB til å ikkje byte namn. Når dette no er gjort, er direktør Åse Wetås ikkje imponert over valet.

Les meir

Marit Kaldhol blir festivalforfattar

25-02-2019

Marit O. Kaldhol blir festivalforfattar under Falturiltu 2019.

Les meir

Biblioteka vert meir brukt enn før, sjøl…

03-02-2019

Utlån av bøker går ned på biblioteka, likevel fører arrangement til at fleire brukar biblioteka.

Les meir

Auka bruk av ordbøker på mobilen

03-02-2019

Kvart tredje av 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor vart gjort i mobilappen Ordbøkene. Appen vart lansert hausten 2017 og har slått godt at på kort tid...

Les meir

Språkpris til «Der ingen skulle tru»-pro…

03-02-2019

Arve Uglum, som er programleiar for NRK-suksessen «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», får pris for språkbruken sin.

Les meir

Linda Eide er Årets hordalending

11-01-2019

Forfattar og journalist Linda Eide er kåra til Årets hordalending 2018 av Hordaland fylkeskommune. Prisen er eit diplom og 50.000 kroner.

Les meir

Storfylke på Vestlandet ikkje heilt uten…

11-01-2019

Om få år kan Rogaland vere ein del av det nye Vestland fylke, meiner fylkesordførar i Rogaland Solveig Tengesdal (KrF). Ho blei lokka av fleire på nyttårsmøtet til Hordaland fylkeskommune...

Les meir

SV vil gi Posten nye oppgåver for å sikr…

11-01-2019

SV vil gi Posten nye oppgåver for å hindre redusering i postomberinga. Levering av daglegvarer, medisinar og tilsyn av eldre kan vere aktuelt.

Les meir

Fylkessamanslåinga: – Staten kan ikkje b…

11-01-2019

Når Vestfold og Telemark blir slegne saman, ønsker Fylkesmannen at målforma skal vere språknøytral. Dette strider mot mållova.

Les meir

Preikestolen skal til Strand kommune

10-01-2019

Kommunalministeren har ikkje tenkt å endre standpunkt i saka om kva kommune den ikoniske fjellformasjonen Preikestolen skal høyre til, og seier dette formelt er avgjort. Den populære turistattraksjonen skal liggje...

Les meir

Vinje-senteret «gjenopplivar» Dølen

18-12-2018

I romjula kjem det nye Vinje-senteret for journalistikk og dikting ut med den første utgåva av meldingsbladet Dølen, kalla opp etter vekeavisa som Aasmund Olavsson Vinje gav ut frå 1858...

Les meir

Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivsp…

10-12-2018

– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal. 

Les meir

Stor etterspurnad på Lillegravens thrill…

02-12-2018

Ruth Lillegravens thrillerdebut «Alt er mitt», får stort opplag.

Les meir

Bokhandlarprisen har aldri gått til ei n…

22-11-2018

  Forfattarane Tore Renberg, Maria Parr og Frode Grytten er ikkje imponerte.

Les meir

Språkrådet fryktar for norsk som fagsprå…

24-10-2018

Mindre enn ti prosent av publikasjonane frå dei tre største universiteta i Noreg er norsk. Det viser at universiteta manglar strategi og vilje i språkpolitikken, meiner Språkrådet.

Les meir

Regjeringa vil halde fram med differensi…

20-10-2018

Ein ny rapport viser at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift er det beste verkemiddelet for å motverke befolkningsnedgangen i distrikta. Regjeringa er nøgd med resultata og ønsker å føre ordninga vidare.

Les meir

Sp opnar for å oppheve fleire fylkessama…

20-10-2018

Senterpartiet meiner avtalen mellom regjeringa og KrF om forslag til oppgåvefordeling til dei nye regionane er så svak at ingen fylke treng å bli slått saman.

Les meir

Senterpartiet om regionmeldinga: – Eit m…

20-10-2018

Oppgåvemeldinga til regjeringa betyr ingen stor overføring av makt, middel eller arbeidsplassar til fylka, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Les meir

Mållaget til angrep på Forsvaret

20-10-2018

Den nyaste utgåva av magasinet «Innsats» frå Forsvaret er blotta for nynorsk. Noregs Mållag stiller spørsmål om Forsvaret har kapitulert for bokmålet.

Les meir

Sogn og Fjordane Teater vil bli turnétea…

01-10-2018

Sogn og Fjordane Teater har søkt om 12 millionar kroner ekstra for utvida turnéverksemda til nabofylket.

Les meir

Framleis stor motstand mot Vestland

01-10-2018

Rundt to tredeler av innbyggjarane i Sogn og Fjordane seier dei ikkje ønsker samanslåing med Hordaland. Motstanden er omtrent like stor som for eit år sidan.

Les meir

No må TV 2 også skrive nynorsk

01-10-2018

I går vart det klart at TV 2 får halde fram som kommersiell allmennkringkastar - no med språkkrav.

Les meir

Arnfinn Kolerud får jubileumsstipend for…

01-10-2018

Nynorsk kultursentrum deler ut 200.000 kroner til Arnfinn Kolerud for å fullføra den hysterisk morosame trilogien om Bendik Uføre og Vassbygda sin kamp for nynorsken.

Les meir

Snarveg til integrering

01-10-2018

Fjell kommune har oppretta ein «fast track» til integrering. Flyktningar går på jobb i staden for innføringskurs, fortel Bergens Tidende.

Les meir

Nynorsk kultursentrum feirar 25 år!

27-09-2018

Frå å vere ei lita stifting til å verte tre museum, tre festivalar og eit leksikon – Nynorsk kultursentrum er noko heilt for seg sjølv.

Les meir

Ravatn testar filosofi i praksis

25-09-2018

– Lurer du på om dei gamle filosofane har relevans for oss som lever i dag? spør Agnes Ravatn. Ho har testa ut filosofi i kvardagen.

Les meir

Kvardagsmat-Anita på bestseljar-liste

14-09-2018

Noregs største nynorske matbloggar, Anita Stokke Blomvik, kom med kokebok sist veke. No er boka på sjetteplass på Haugenbok.no si bestseljarliste.

Les meir

Søviknes vil bli fylkesordførar i det ny…

10-09-2018

Avgått olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) har som mål å bli fylkesordførar for det nye fylket Vestland, seier han til NRK.

Les meir

Ap sikrar fleirtal mot Viken

03-09-2018

  Fylkespolitikarane i Ap, Frp, SV og Sp i dei tre Viken-fylka vil setje planlegginga av samanslåinga på vent til Stortinget har behandla regionreforma på nytt. I Stortinget kjem Ap til...

Les meir

Bent Høie vil bli fylkesmann i Rogaland

30-08-2018

  Helseminister Bent Høie (47) søkjer embetet som fylkesmann i Rogaland, og har samtidig varsla Høgre om at han ikkje tar attval til Stortinget i 2021.

Les meir

Samanslåingskommunar får arkivtilsyn i h…

30-08-2018

Kommunar som skal slå seg saman er blant dei som har førsteprioritet når Arkivverket i haust skal gjennomføra tilsyn med rundt 60 verksemder.

Les meir

Sykkylven sa nei takk til Ålesund

30-08-2018

Kommunestyret i Sykkylven på Sunnmøre sa måndag nei til ei samanslåing med Ålesund. I staden ønskjer dei forhandlingar med nabokommunen Stranda.

Les meir

Grande vil forlenge fastprisen på bøker

29-08-2018

  Kulturminister Trine Skei Grande vil utvide fastprisordninga for bøker til å gjelde eitt år frå utgjevingsdato. Forslaget blir møtt med jubel frå bokbransjen.

Les meir

Sp-toppar vil ha omkamp om fylkessamansl…

27-08-2018

  Fleire sentrale Sp-politikarar varslar at dei vil ha omkamp om fylkessamanslåinga på Vestlandet.

Les meir

Ny nestleiar i Noregs Mållag

27-08-2018

Peder Lofsnes Hauge tek over etter Jens Kihl.

Les meir

Fritt ord gir 2,3 millionar kroner til b…

13-08-2018

Stiftinga Fritt Ord har løyvd 2,3 millionar fordelt på 40 forskjellige norske folkebibliotek, for å styrke debatt og samtalar i biblioteka.

Les meir

Bykle kommune brukar mest på kultur

10-07-2018

Bykle kommune toppar lista over dei beste kulturkommune i landet i den årlege kåringa til Kommunal Rapport, Kommunebarometeret.

Les meir

Besøksrekord på biblioteka i fjor

01-07-2018

Bibliotektal frå kvar enkelt kommune finn de på bibliotekutvikling.no. Slik blir det høve til å lage lokale vriar for dykkar avis.

Les meir

Kommunalministeren meiner samanslåingar …

01-07-2018

Kommunalminister Monica Mæland (H) meiner større kommunar og fleire kommunesamanslåingar er løysinga på ei mogleg rekrutteringskrise i distrikta i framtida.

Les meir

Kjartan Helleve dagleg leiar i Kringkast…

01-07-2018

Kjartan Helleve tek over stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen etter Anne Svanaug Straume.

Les meir

NRK får kritikk for lite nynorsk og sami…

10-06-2018

NRK, P4 og Radio Norge oppfylte i hovudsak forpliktingane som allmennkringkastarar i 2017, ifølgje Medietilsynet. NRK hadde likevel for lite nynorsk.

Les meir

Ellevill nykomar nominert til Hedda

08-06-2018

Kristoffer Olsen kom inn som eit frisk pust i norsk teater med sin elleville rolle i «The Book of Mormon» på Det Norske Teatret. No er han nominert til Hedda.

Les meir

Etter kvart vart Tord Gustavsen ein stor…

08-06-2018

Tord Gustavsen urframfører tingingsverket til Vinje-jubileet under Dei nynorske festspela laurdag.

Les meir

Lovfestar ungdomsråd i alle kommunar

03-06-2018

– Dette er ein kjempesiger for at ungdom skal bli høyrt, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Les meir

Nytt frå NRK

20 oktober 2019

  • Ocasio-Cortez hyller Sanders
    Demokratenes nye stjerneskudd, 30 år gamle Alexandria Ocasio-Cortez, hyller Bernie Sanders og mener han bør bli partiets presidentkandidat neste år. Lørdag deltok Ocasio-Cortez og Sanders på et valgkampmøte i New York
  • Vil øke støtten til Natteravnene
    Høyres gruppeleder i bystyret i Oslo, Eirik Lae Solberg, foreslår økt støtte til frivillig innsats etter flere voldshendelser i hovedstaden i helgen. – Byrådet har mistet kontrollen over voldsutviklingen i Oslo, sier Solberg til Aftenposten.
  • Ikke alvorlig skadd - mistenker rus
    Politiet melder at bilføreren som kjørte ut av veien på E18 i Bærum trolig ikke er alvorlig skadd som først antatt. Mannen i 20-årene er mistenkt å ha kjørt i høy hastighet mens han var ruspåvirket, før utforkjørselen ved Høvik tidlig søndag morgen.
  • Trafikkulykke Austefjorden i Volda
    Politiet melder om ein front mot frontkollisjon på E39 ved Damfosstunnelen i Austefjorden i Volda. Det skal vere snakk om personskade. Naudetane er på veg til staden. Vegen er stengt.
  • Tyrkisk soldat drept i Syria
    Én tyrkisk regjeringssoldat er drept og en annen såret i et angrep fra den kurdiske YPG-militsen i Syria, ifølge forsvarsdepartementet i landet.
  • To pågrepet etter gruppevold
    Politiet har pågrepet og siktet to personer for vold i Oslo. En mann i 20-årene ble kjørt til legevakt etter at fire-fem personer slo og sparket ham i hodet natt til søndag. Det skjedde i Slemdalsveien og voldsmennene skal være tenåringsgutter.

Nytt frå Framtida

20 oktober 2019