Kommentar: Slapp med skrekken

Eg skal nok sova godt om nettene dei neste fire åra, stod det i ei pressemelding som leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, sende ut då regjeringserklæringa var klar 7. oktober.

 

Og sant nok – sett i forhold til det som kunne ha blitt språkpolitikken til dei blå-blå, kom nynorsken greitt ut av det.

Valfritt sidemål, som både Høgre og Framstegspartiet hadde på programmet, er erstatta med ei formulering om at regjeringa vil «støtte opp under begge målformene som hovedmål». Dessutan skal det setjast ned eit utval som skal vurdera norskfaget «med sikte på å styrke norskfaget som språkfag, gjøre sidemålsundervisningen mer engasjerende for elevene og forbedre karaktersettingen».

Det mest problematiske punktet for nynorsken er at regjeringa vil endra mållova. Dagens rett til å få svar frå staten på si eiga målform skal erstattast med ein rett for tilsette i staten og i språknøytrale kommunar til å skriva på si eiga målform – altså ei speglvending av «kunden har alltid rett»-prinsippet, som Høgre og Frp elles held høgt.

Men Vebjørn Sture har sannsynlegvis rett i at dette framlegget ikkje vil bli vedteke i Stortinget. Dermed blir det status quo på dette området òg.

Målfolket slapp altså med skrekken. Truleg kan dei takka Kristeleg Folkeparti og Venstre for at dei blå-blå har droppa det valfrie sidemålet, kanskje også ein del Høgre- og Frp-folk som har klart å overtyda partileiarane om at dette ikkje var noka god sak. Erna Solberg, som er vel kjend med stemningane på Vestlandet også utanom Bergen, har sjølv heller aldri vore blant dei som har stått på barrikadane mot sidemålet.    

Likevel, om Sture reknar med å sova godt om nettene også under Solberg-regjeringa, bør han stå tidleg opp om morgonen og jobba hardt dei neste fire åra. For det er eit faktum at nynorsken aldri har vore så utsett som ved dette valet. Det språkpolitiske byggverket, med grunnmur heilt tilbake frå 1880-åra, som har sikra jamstelling av dei to skriftmåla våre, kan ikkje lenger takast for gitt. Dei partia som vil endra det, har fått ei historisk høg oppslutnad ved val: 43 prosent til saman.

Ennå er det eit stykke til dei blå-blå får reint fleirtal. Men målfolket bør ikkje kjenna seg altfor trygge på alle dei andre partia heller. Venstre, som historisk sett har vore nynorsken sin sterkaste støttespelar, er framleis forplikta på denne arven. Samstundes er Venstre i ferd med å bli Noregs mest typiske storbyparti, med over 25 prosent av stemmene frå Oslo, Asker og Bærum aleine. Held denne utviklinga fram, er det naivt å tru at det ikkje også vil kunna bana veg for andre språkpolitiske haldningar i partiet.

Og frå den raud-grøne perioden veit me at også i Arbeidarpartiet og SV er det krefter som ikkje synest nynorsk og språkleg jamstelling er så viktig.

Målfolket bør derfor vera realistiske nok til å sjå at det blir ein tøffare kamp å forsvara dei språkpolitiske skansane i åra som kjem. Om dei klarer det enn så lenge, vil det over tid vera fåfengt å støtta seg på lovar og reglar dersom det ikkje er ei brei rørsle av aktive språkbrukarar som byggjer opp under jamstellingskravet. Nynorsken må vera eit levande språk, ikkje ein verneverdig museumsgjenstand. På mange område har dei siste åra vore gode for nynorsk språk og kultur. Men utviklinga på skulemålsfronten er illevarslande, med ein nedgang frå 15 prosent til 12,6 prosent det siste tiåret.

Så det er nok å ta fatt i. Og kanskje kan ein henta inspirasjon frå ei line i regjeringserklæringa: «Den beste strategi for et sterkt og levende norsk språk er den daglige, frivillige bruken av språket.» 

Utskrift E-post

Fleire Nyhende

Rune Haugsdal blir ny fylkesrådmann for …

Fylkesrådmann i Hordaland Rune Haugsdal (58) er tilsett som ny fylkesrådmann og prosjektleiar for det nye storfylket på Vestlandet. 

Les meir

Vart beden om å godta eksamen på bokmål

Kvart år er det eit tjuetals studentar med nynorsk som hovudmål, som tek kontakt med Målungdommen for å få hjelp til å klage på at dei ikkje får eksamensoppgåvene sine...

Les meir

Rogaland: Uklokt å gå for Vestland

– Vi kan vel ikkje kalle oss eit vestlandsfylke lenger, sa fylkestingsmedlem Anja Berggård Endresen (V) frå Rogaland i den opne høyringa i Stortinget om framlegget til nye fylkesnamn tysdag.

Les meir

Skald heidra med pris for vakre bøker

Klassisk verdslitteratur på nynorsk frå Skald forlag er kåra til den vakraste bokserien.

Les meir

Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 20…

- Noregs Mållag gjev Målprisen til Magni Øvrebotten fordi ho alltid har vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken, seier Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag.

Les meir

Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale».

Les meir

Vil halde på eldre litteratur- og språkh…

Eit svekkt norskfag kan gå ut over haldninga til framande kulturar. Slik argumenterer Norges Mållag i sitt forsvar for eldre litteratur- og språkhistorie.

Les meir

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpr…

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag for boka «Keeperen og havet».

Les meir

– Den beste måten å heidre Vinje på, er …

Fredag 6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. – Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår, seier Magne...

Les meir

Skirbekk: – Vinje er hyperaktuell

Det seier professor i filosofi Gunnar Skirbekk. I dag er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd.

Les meir

Ønskjer nasjonal dugnad for språk og ny …

Tekniske duppedittar som du kan snakka med og som kan tenkja sjølv er på full fart inn i norske heimar, men problemet er at det finst lite norsk språkteknologi til...

Les meir

Norsk Målungdom vil sikra nynorsk i grun…

Landsmøtet til Norsk Målungdom gjekk denne helga av stabelen i Drammen. Landsmøtet vedtok mellom anna at dei meiner at jamstillinga av nynorsk og bokmål bør stå i grunnlova.

Les meir

Austmannaprisen til Jens Haugan

Den årlege Austmannaprisen frå Austmannalaget vart i år tildelt Jens Haugan. 

Les meir

Erik Ulfsby blir ny styreleiar i Språkrå…

Kulturdepartementet har utnemnd teatersjef Erik Ulfsby ved Det norske teatret til ny styreleiar i Språkrådet.  

Les meir

Rekordresultat for Nynorsk kultursentrum

Årsresultatet for Nynorsk kultursentrum i Ørsta blei på 1,3 million kroner i 2017. Det er det beste resultatet nokon gong for institusjonen, som hadde samla inntekter på 28,6 millionar, går...

Les meir

For første gong på 19 år har avisene sam…

105 norske mediehus hadde opplagsframgang i 2017, viser ferske tal frå MBL. For første gong les fleire på mobil enn på papir.

Les meir

Kuttar i grammatikken – det likar Mållag…

I det nye norskfaget skal elevane i større grad finne ut av ting sjølv, men Noregs Mållag meiner dei kan trenge hjelp til å hugse på nynorsken.

Les meir

Sluttar som generalsekretær i Noregs Ung…

Eli Ulvestad har varsla styret om at ho seier opp stillinga si i Noregs Ungdomslag, og at siste arbeidsdag blir 31. mai.

Les meir

Rogaland betalte mest skatt i fjor

Ingen fylke bidrog med fleire skattekroner i fjor enn Rogaland. Oljefylket stod for nesten ein femdel av 476 skattemilliardar frå fylka.

Les meir

Hundrevis av sunnhordlendingar vil til R…

Onsdag 14. februar fekk ordføraren på Stord Gaute Straume Epland overrekt 390 underskrifter frå sunnhordlendingar som har skrive under på eit opprop om at Stord bør bli ein del av...

Les meir

Høgskulen på Vestlandet ønskjer framleis…

Rektor for Høgskulen på Vestlandet (HVL), Berit Rokne, meiner det er viktig at høgskulen etter kvart får status som universitet.

Les meir

Mange nynorskforfattarar nominerte til l…

Sju av dei seksten som er nominerte til litteraturkritikarprisane for 2017 er nynorskbrukarar.

Les meir

Mållaget vil har rask avgjerd om fylkesn…

Stortinget må snarast rydde opp i dei omdiskuterte fylkesnamna Vestlandet, Innlandet og Viken før dei festar seg, oppmodar styret i Noregs Mållag.

Les meir

15 av 28 kommunar fekk arealplan-medhald

  Kommunal- og moderniseringsdepartementet gav kommunane medhald i 15 av 28 saker der statlege organ, fylkeskommunar, Sametinget eller ein nabokommune hadde levert motsegn mot ein kommunal arealplan.

Les meir

Lokalavisredaktørar kritiserer distrikts…

  Fleire lokalavisredaktørar meiner problemet til NRK ikkje er for lite sendetid, men tam lokaljournalistikk. 

Les meir

NRK snur og innfører lengre distriktssen…

NRKs omlegging av distriktssendingane har ført til mange reaksjonar frå misfornøgde lyttarar. No snur kanalen og lovar igjen lengre distriktssendingar.

Les meir

Etterlyser moderne Ferdaminne

I høve Aasmund Olavsson Vinje sitt 200-årsjubileum inviterer Norsk Journalistlag til konkurranse om å lage eit ferdaminne frå vår tid. Vinnaren får 20.000 kroner.

Les meir

Ny utgåve av bibliografi over nynorsk-de…

Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta har oppdatert bibliografien «Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt» frå 2015.

Les meir

Historisk godt år for Det Norske Teatret

265.483 publikummarar fann vegen til teateret i fjor. Det er det høgste besøkstalet nokon gong.

Les meir

Eva Weel Skram til Dei nynorske festspel…

Sogndal-artisten skal halde opningskonserten i Ivar Aasen-tunet 7. juni.

Les meir

Kommunar får meir makt i konfliktar med …

Nye lovvedtak gir kommunane større makt og sterkare rettar dersom det oppstår konflikt mellom stat og kommune. 

Les meir

Vedum fryktar meir sentralisering med Ve…

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fryktar regjeringa blir endå meir sentraliserande med Venstre i regjering. Han meiner partiet dreiv eit dobbeltspel i valkampen.

Les meir

Venstre-ordførarar delte om regjeringsfo…

Tre av Venstres sju ordførarar seier ja til vedtaket om at partiet skal gå i regjeringsforhandlingar. Tre seier nei, og éin sit på gjerdet.

Les meir

Marit Eikemo får 100.000 kroner i stipen…

  Forfattaren Marit Eikemo har fått eit arbeidsstipend frå Det Norske Samlaget på 100.000 kroner. 

Les meir

Mållaget lyser ut stipend

Noregs Mållag vil ha søkarar til to nynorskstipend på 50.000 kroner kvar til prosjekt som kan fremje nynorsken.

Les meir

Regjeringa justerer grensene i kystkommu…

  Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Vågsøy kommune og kommunane Eid/Selje i Sogn og Fjordane blir justert slik at området Bryggja blir flytta frå Vågsøy til Eid/Selje. 

Les meir

Hareides nei til kommunetvang får Vedum …

KrF påfører regjeringa eit nederlag i kommunereforma når partiet seier ja til at Leka og Bindal likevel ikkje må tvingast saman med Vikna og Nærøy.

Les meir

No får innvandrarane læra nynorsk i Tysn…

Tysnes kommune blir den 49. kommunen i landet som går over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

Les meir

Ny rapport kritiserer kommune-avrøysting…

Ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforskning (ISF) har undersøkt gjennomføringa av folkeavrøystingane i samband med kommunereforma. Konklusjonen er at nesten ein tredel av avrøystingane var udemokratiske.

Les meir

– Kommunesamanslåing kan svekkje lokalde…

I 2020 blir 426 kommunar redusert til 354. Det inneber, i fleire tilfelle, større avstandar mellom folk og den politiske leiinga. Dette kan føre til at periferien blir meir perifer...

Les meir

Ravatn kan vinna internasjonal litteratu…

Ho er éin av to nynorskforfattarar på langlista til Dublin Literary Award.

Les meir

Ordførarar reagerer på at færre kommunar…

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet har bestemt at 210 kommunar skal busette flyktningar i 2018. Det er ein reduksjon på 200 kommunar frå i år. Dette får ordførarar i fleire mindre kommunar...

Les meir

Kjem med bok om E134 Haukelivegen

Geir Hus med bok om mat, natur og kultur mellom aust og vest. I desse dagar kjem Geir K. Hus si nye bok om E134 Haukelivegen. Lesarane får vere med på...

Les meir

KrF støttar millionpakke til nynorsken

– Får mykje nynorsk igjen per krone, seier Tore Storehaug (KrF).  

Les meir

Nynorsk redaktørpris 2017 til Gard Steir…

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i VG, Gard Steiro, får Nynorsk redaktørpris for 2017. 

Les meir

Rekordopplag for nynorsk leseaksjon: – H…

Snart er 20 000 tekstsamlingar på veg til skular og bibliotek i heile Noreg. Det er klart for Tid for ti-aksjon 2018.

Les meir

Kommune skuffa over kutt i eigedomsskatt…

Regjeringa fjernar eigedomsskatten for monstermastene som vart sett opp i Hardanger. Det utgjer eit skattetap på 1,2 millionar kroner for Granvin kommune.

Les meir

Bø Mållag vil redde Bø-dialekten

Bø Mållag i Telemark har late seg inspirere av prosjektet Hått halling i Hallingdal og vil kjempe for å bevare den lokale dialekten, bøhering.

Les meir

Nynorskkommune sende ut spørjeundersøkin…

Nynorskkommunen Vinje i Telemark sende ut ei spørjeundersøking på bokmål til innbyggjarane sine. Det har vekt reaksjonar.

Les meir

– No må nynorskkommunane bruka marknadsm…

Gudrun Kløve Juuhl ber kommunane gå saman om å krevja digitale læremiddel på nynorsk.

Les meir

Ber om skjerpa språkkrav for TV2

Kringkastingsringen meiner det er sjølvsagt at TV2 framleis skal ha krav til at kanalen må bruka både nynorsk og bokmål.

Les meir

Spreier nynorskglede med Nynorskdagane i…

Maria Rye har brukt denne veka på høgtlesing av nynorske barnebøker på dei første Nynorskdagane i Radøy.

Les meir

Tre av fire nynorskelevar må bruka digit…

Mange elevar er tvinga til å bruka digitale læremiddel på bokmål fordi dei ikkje finst på nynorsk. Mållaget ber staten ta grep.

Les meir

Rift om ny Maria Parr-bok i utlandet

Snart kan lesarar i tretten andre land få lesa «Keeperen og havet».

Les meir

Salaam alaikum – språklege verdiar

Dei nasjonale forskingsdagane har eit nytt tema kvart år. I fjor var temaet «grenser», mens Forskingsdagane 2017 spør: «Kva gjer noko verdifullt?»

Les meir

KrF opnar for å oppheve kommunetvang

Dersom kommunane ber om det, er fleire KrF-representantar opne for å gjera om på tvangssamanslåingar av kommunar.  

Les meir

KrF lovar kamp om landbruk og distrikt

Fylkeslaga i KrF er einige om at distrikt og landbruk står høgt oppe på prioriteringslista.

Les meir

Utvalet som skal foreslå ny vallov snart…

Utvalet som skal lage forslag til ny vallov og vurdere endringar i den norske valordninga, har sitt første møte 16. oktober.

Les meir

Vil jobba for nynorsken i Stortinget

Liv Kari Eskeland (H) får følgje med fleire markerte nynorskfolk i det nye Stortinget. Ottar Grepstad meiner valresultatet kan styrkja nynorsken.

Les meir

Ordbok-app gir definisjonar på bokmål og…

Har du ei gammal lefse av ei ordbok, kan ho få kvile no. Ein app gir deg moglegheit til å søkje i både Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

Les meir

Nytt frå NRK

  • Det er nå journaliststreik i NRK
    1700 medlemmer av Norsk Journalistlag (NJ) i NRK er nå i streik fordi det er brudd i meklingen mellom NJ og arbeidsgiver Spekter/NRK. Det betyr at ingen NJ-medlemmer ansatt i NRK lager innhold for radio, tv eller nrk.no, så lenge streiken varer.
  • Overfylte sykehus i Gaza
    Røde Kors sier kapasiteten ved sentralsykehuset i Gaza er sprengt etter det som omtales som den dødeligste dagen siden 2014. Tirsdag er det varslet nye demonstrasjoner.
  • Arbeidsulykke i Tvedestrand
    Luftambulansen og nødetatene rykket ut etter at en mann havnet i klem i en arbeidsulykke i Tvedestrand. Personen skal være livstruende skadd. Arbeidsulykken skjedde på anleggsområdet til den nye E18 mellom Tvedestrand og Arendal, skriver Agderposten.
  • -Uakseptabel svekkelse av beredskap
    I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringen å flytte 6 helikoptre til Rygge, og kun la 3 helikoptre stå igjen på Bardufoss.- Dette er en helt uakseptabel svekkelse av beredskapen, uttaler stortingsrepresentantene fra Arbeiderpartiet i Troms.
  • Det blir streik i NRK
    Det er brudd i meklingen mellom Norsk Journalistlag og NRK/Spekter. 1700 medlemmer i Norsk Journalistlag går ut i streik fra 13:01 tirsdag.
  • Vil styrke nødhjelpen til Jemen
    Nødhjelpen til krigsherjede Jemen og Kongo foreslås økt i revidert nasjonalbudsjett. – De humanitære behovene globalt er økende, fastslår regjeringen i forslaget. Budsjettposten «nødhjelp og humanitær bistand» skal derfor økes med 116,2 millioner.

Nytt frå Framtida