Riksveg 13 kan bli diktarveg

Fem forfattarstiftingar ønskjer å utvikle ein diktarveg langs Rv. 13. Små drypp av kultur og litteratur langs indre kyststamveg skal pirre nysgjerrigheita til dei reisande.

- Tenk så bra om vi kunne fått folk til å undre seg langs heile Riksveg 13, seier dagleg leiar i Lølandstiftinga, Marny Skeie Henkel. Lølandstftinga er ein av initiativtakarane til diktarvegen og den av dei som allereie har prøvd ut nokre av ideane i praksis.

Dei har fått den lokale ferja smykka ut med sitat og bilde frå Rasmus Løland si verd og har tatt venterommet på ferjekaien i bruk til kulturarrangement.

Dette var ifølgje Skeie Henkel den spede byrjinga til det som no har blitt eit samarbeid mellom  Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-stiftinga, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-selskapet . Saman med I/S Fjordvegen og LNK  har desse søkt ABM-utvikling om midlar til å utvikle diktarvegen.  LNK si rolle i samarbeidet knyter seg til den nynorske profilen dette arbeidet vil ha.

Naturlege stoppestader

Ruta til diktarvegen vil gå frå Sandnes via Suldal i Rogaland, vidare til Hardanger, Voss og endar opp i Sunnfjord. Budsjettet er sett til 900 000 kroner.
Tanken er å bruke naturlege stoppestader langs Rv. 13 til å gjere diktarane tilgjengeleg for dei reisande. Ein tenkjer seg lyttedusjar på rasteplassane, bokkassar med utlånsbøker i venteromma på ferjekaiane, litteraturferjer og strategisk plasserte sitat og dikt. Mellom anna.

Veg-samarbeid

Dette arbeidet vil krevje samarbeid med etatar som ikkje jobbar med kultur til vanleg. Det har Lølandstiftinga allereie erfaring med.

– Vi har etablert eit samarbeid med Nasjonale Turistveger og Statens vegvesen i samband med litteraturferja her i Suldal og arrangement på venterommet. Det har fungert veldig bra, og vi jobbar no med å få til ei ordning med bokkassar kor folk kan leggje frå seg bøker dei ikkje treng meir slik at andre kan låne dei med seg.

- Vi vil at folk skal forstå at dei reiser langs Garborg-vegen når dei reiser frå Sandnes, langs Løland-vegen når dei er i Suldal, og så vidare, fortel Skeie Henkel.  – På denne måten håpar vi å få løfta desse fem forfattarane ut i eit vidare perspektiv.



Fakta - Diktarvegen:

Spenner over tre fylke og fem forfattarar:
Rogaland -  Arne Garborg i Sandnes og Rasmus Løland i Suldal
Hordaland - Olav H. Hauge i Hardanger og Per Sivle på Voss
Sogn og Fjordane -  Jakob Sande i Førde i Sunnfjord
Ytterlegare samarbeidspartar:  I/S Fjordvegen og LNK 
Har eit budsjett på 900 000. 450 000 er søkt i tilskot frå ABM-utvikling. Resten er tenkt finansiert ved fylkeskommunale tilskot og sponsormidlar

UtskriftE-post