Rv 13 – ei litteraturrute

Spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs Rv 13 frå Sandnes til Førde. No vert det oppstartkonferanse om Diktarvegen.

Målet med prosjektet er å gjere Rv 13 om til den første litteraturruta i landet. Her skal ein kunne få oppleve dei fem forfattarane : Arne Garborg frå Jæren, Rasmus Løland frå Ryfylke, Olav H Hauge frå Hardanger, Per Sivle frå Voss og Sogn og Jakob Sande frå Sunnfjord medan ein køyrer riksvegen. Felles for desse forfattarane er at dei har sin eigen organisasjon og at det er på plass eller vert arbeidd med etablering av naturlege fysiske samlingspunkt rundt kvar av dei.

Det er sett ned ei styringsgruppe for prosjektet og LNK har teke jobben med å samordne prosessen. Prosjektet har no søkt Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM – utvikling) om 450.000 kroner til å arrangere oppstartkonferansen som går av stabelen i Ulvik i april og til å etablere eit felles litteraturnettverk på nett for forfattarane.

I følgje søknaden til ABM – utvikling ynskjer prosjektet å gi forfattarane høgare status gjennom spreiing av kunnskap om livsverka deira, gi Rv 13 eit meir spanande innhald og ikkje minst å gi skrivande ungdom inspirasjon frå ”dei gamle heltane”.

Samarbeid er viktig

- For eit litteratursenter i emning er det sjølvsagt av stor verdi å verta med i eit slikt
samarbeidsprosjekt. Det er lettare å nå ut med bodskapen når ein samarbeider om tiltak. Dessutan skapar det eit større fagleg miljø, noko som er naudsynt for dei som arbeider ved små institusjonar, seier styreleiar i Haugestiftinga i Ulvik, Torunn Hovland Ljone og legg vekt på at små drypp av prosa og poesi langs vegen vil skapa interesse for, og aktivitet rundt forfattarane.

Ho meiner også desse opplevingane vil freiste fleire til å ta turne langs Rv 13, noko som igjen kan føre til oppgradering av standarden på vegen og kanskje at større deler av vegen får turistvegstatus.

For prosjektet Diktarvegen handlar om meir enn litteratur. Tre fylkeskommunar og dei 16 kommunane langs Rv 13 har etablert selskapet IS Fjordvegen som arbeider for å gi riksvegen status som ein indre stamveg. Samstundes har 16 strekningar i Noreg fått status som nasjonale turistvegar. Tre av desse er langs Rv 13. Både turistvegen og Fjordvegen er teken med i samarbeidsprosjektet.

Konkret håpar prosjektleiinga fleire tiltak kan bli sett ut i livet, som til dømes: synleggjere forfattarane langs vegen, gjere dei synlege på dei seks ferjene og på rasteplassar langs ruta, samarbeide om kulturhendingar, ta i bruk lyddusjar og GPS – navigering fram mot dei ulike tuna og husa, utvikle nettportalar, bøker og fysiske utstillingar.

Skal legge rammene

På oppstarkonferansen i Ulvik i midten av april kjem innleiarar som kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa, Knut Vareide frå Telemarksforskning, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, Jørn Lekve frå Sparebanken Vest, Arve Tokvam frå Nynorske Litteraturdagar og forfattar Edmund Austigard. Målet er å konkretisere innhaldet i prosjektet og rammene for det vidare arbeidet.

Styringsgruppa for prosjektet vert leia av Arne Kleppa frå IS Fjordvegen, med seg har han: dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Løland–markeringa, Marny Skeie Henkel, Mona H. Hellesnes frå Ulvik Herad og Margrete Reisæter frå Jakob Sande – selskapet.

UtskriftE-post