- Eit unikt prosjekt



Kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) meiner Diktarvegen er eit unikt prosjekt.

Ministeren uttrykte støtte til prosjekt som klarer å knyte kultur og næring saman då ho snakka om rv. 13 som verktøy for ein aktiv distrikts - og regionalpolitikk under Diktarvegkonferansen i Ulvik i dag. Ho meinte også prosjektet ville ha gode sjansar for å få støtte frå departementet.

- Me har gode erfaringar med å støtte prosjekt som skaper engasjement og nye arbeidsplassar i distrikta, meinte ho og la vekt på sitt eige engasjement for den mykje omtalte vegstrekninga.

- Diktarvegen er ein openbar kandidat til slike midlar, uttalte ho.

Kommunal - og regionalministeren gav også nokre hint om kva som vil kome i distrikts - og regionalmeldinga som vert lagt fram førstkomande fredag.

- Noko av det viktigaste er å utvide det lokale handlingsrommet. Diktarvegen er eit glimrande uttrykk for lokale krefter som ser lokale fortrinn, meinte ho

Diktarvegkonferansen starta opp i Ulvik i dag. Meininga med prosjektet er at spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs rv. 13 frå Jæren, gjennom Ryfylke, Hardanger, Voss, Sogn og til Sunnfjord.

Målet er å etablere den første litteraturruta i Noreg, der forfattarane Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jaob Sande og deira lokale senter skal vere ryggraden.

Her skal ein syngleggjere arbeidet deira på stoppunkt langs turistvegen, samarbeide om kulturprosjekt og pedagogiske opplegg, utvikle felles litteratunettverk, tilrettelegge fysiske utstillingar og å styrke ruta som indre stamveg. Ein legg no grunnlaget for å utvikle og formalisere diktarvegprosjektet til å bli ein ressurs for nærings - og utviklingsarebeidet i 16 kommunar, 5 regionar og 3 fylkeskommunar. Målet er å nytte kulturkapitalen etter dei fem forfattarane til noko positivt og utviklande for framtida.

Utskrift E-post