500.000 til Garborgsenteret

Stortinget løyver no 500.000 kroner til Jærmuseet og Garborgsenteret.


- Innstillinga frå kulturkomiteen gler oss svært mykje, seier prosjektleiar i Garborgsenteret,  Einar Schibevaag.

Komiteen legg vekt på at eit Nasjonalt Garborgsenter i Time på Jæren er viktig, eit senter som skal fremje Hulda og Arne Garborg sine visjonar om langt meir enn litteratur.

- 500 000 kroner for 2009 fortel at me er i gang og at me kan konsentrera oss om innhaldet me skal fylle senteret med, seier prosjektleiaren.

Senteret skal etter planen opnast i 2011. Schibevaag legg også vekt på at det planlagde senteret skal skape engasjement og debatt mellom nye generasjonar for å sikre at unge menneske ser demokrati – og samfunnsprosessar som viktige arenaer å ta del i.

Garborgsenteret og LNK samarbeider om fleire prosjekt som til dømes Mot til å meine, Diktarvegen RV 13 og toleranseprosjektet ”Rekruttering og integrering – toleranse og kompetanse”

UtskriftE-post