Språkåret – Diplom i norsk

JensHauganJensHauganDenne teksten handlar faktisk ikkje om diplom i norsk, men om norske diplom. Eg tenkte berre at denne overskrifta var litt «finare». Og så får vi no sjå om vi kanskje likevel kjem tilbake til ho.

Norske diplom – kva er no det? Det er ikkje utmerkingar og prisar av noko slag. Det er ein bestemt type tekstar på norsk. Desse tekstane er samla under namnet Diplomatarium Norvegicum (DN), og det var ingen ringare enn Gregers Fougner Lundh – professoren som var med og bestemde at Hamar skulle bli kjøpstad på 1800-talet, som også var ein initiativtakar til å opprette eit norsk diplomatarium.

Gregers Fougner Lundh, som i byrjinga av 1800-talet blant anna spurde korfor Noreg ikkje hadde sitt eige språk, reiste sjølv til København for å skrive av alt han kunne finne av norske tekstar frå mellomalderen – såkalla diplom. Dette utgav han i 1824 som «Specimen Diplomatarii Norvegicii» –prøve av eit norsk diplomatarium. Eitt mål var sjølvsagt å vise at det fanst eit ekte norsk språk før dansketida.

Det offisielle arbeidet med å etablere ei statleg samling av mellomaldertekstar kom derimot ikkje skikkeleg i gang før ei god stund etter at Lundh var død – det same gjaldt også arbeidet med å lage eit norsk skriftspråk (eller to). Det var ein teolog og historikar som tok opp stafettpinnen etter Fougner Lundh.

Christian Christoph Andreas Lange frå Stabekk var éin av dei som i nasjonalromantisk ånd søkte tilbake til mellomalderen. Han utgav blant anna eit stort verk om dei norske klostra i mellomalderen. Men han meinte nok etter kvart at det var viktigare å fokusere enda meir på det norske for å fremje utviklinga av ein norsk identitet, og han fekk ansvaret for dei første fem binda av Diplomatarium Norvegicum.

Diplomatariet består i dag av 22 bind med ca. 19.000 dokument frå tida før 1570. Det siste bindet kom ut i 1995. Dette har vore eit svært stort arbeid, og det er mange som har bidrege undervegs. Alle tekstane er faktisk lagde ut på nettet og kan søkjast i via dokumentasjonsprosjektet på nettsidene til Universitetet i Oslo.

Eit brev, skrive på Hamar i 1395, starta t.d. med: «Ollum monnom þæim sæm þetta bref sea ædher høyra sænda Swnulfuer Jfuars son Joon og Gunnar Holtasynir kuædiu gudhs ok sina». Dette er ei «klassisk» opning for offentlege mellomalderbrev. Det står: «Alle menn, dei som dette brev ser eller høyrer, sender Sveinulf Ivarsson og Jon og Gunnar Holtason, Guds helsingar og sine». Dette er ikkje så veldig lett å lese, sjølv om ein kan gammalnorsk; og vanskelegare blir det etter kvart som det gammalnorske språket går meir og meir i oppløysing.

Diplomatarium Norvegicum er språkhistorie og ein språkleg skatt som ein kan glede seg over i dag, fordi mange historikarar og språkforskarar har gjort ein innsats over 150 år. Det er desse som fortener å få diplom – diplom i norsk.

Utskrift E-post