Kommentar: Språkåret – Dialektmangfald

Her om dagen sat vi tre personar og gledde oss over det varme vêret og at våren endeleg var på veg tilbake og pynta busker og tre med grønt. Så sa eg: «Sjå ein stor kveps!», og fekk som svar: «Ja, det har vore ein del kveks i det siste.», mens tredjemann meinte at det kunne fort bli plagsamt med «kvaks». 

Vi var altså tre personar og hadde tre ulike ord for det same dyret utan at dette skapte problem eller var gjenstand for diskusjon. Ei anna sak er at ingen av desse tre ordformene faktisk er normert norsk, verken bokmål eller nynorsk. Vi ville nok ha skrive «veps», om vi hadde skrive bokmål eller nynorsk, sjølv om ein på nynorsk også kunne ha skrive «kvefs».

Ein høyrer og les så mykje om dei som er misnøgde med hovudmål, sidemål, valfridom og språkleg mangfald generelt, men det er jo faktisk slik det er – «der ute». Vi høyrer mange ulike dialektar og sosiolektar rundt oss, og stort sett skjønner vi det meste, sjølv om vi kanskje må spørje av og til – og stort sett veit vi korleis vi skal skrive på anten bokmål eller nynorsk. Dei fleste sjonglerer godt mellom unormert talemål og normert skriftspråk.

Det er dei som meiner det er vanskeleg å lære seg fleire variantar av det same språket. Som regel gjeld diskusjonen skriftleg hovudmål og sidemål. Samtidig snakkar dei fleste meir eller mindre dialekt som skil seg i større eller mindre grad frå skriftnormalane. Men det at ein først og fremst av praktiske årsaker bestemmer éi eller fleire skriftnormer, tyder jo ikkje at talespråket er «feil». Dialektene er eigne språksystem og har eigne reglar. Som regel er det ein del samanfall med skriftnormalen, men ikkje alltid.

Talespråk endrar seg som regel fortare enn skriftspråk. Dette er heilt naturleg. Synkront sett, det vil seie her og no, vil ein nok kunne seie at ein person snakkar «ukorrekt» dersom det ikkje er i tråd med det alle andre med same dialekt seier. Men avvik kan «smitte» og spreie seg, og plutseleg har talespråket endra seg, og det som var «feil» før, kan plutseleg vere korrekt. Dette er blant anna også avhengig av kva slags syn ein har på normer og korrekt språk.

Kveps, kveks og kvaks er korrekt i kvar si dialekt, mens veps og eventuelt kvefs er korrekt i normert skriftspråk. Språkleg mangfald er stikkordet!

 

Utskrift E-post