Kommentar: Språkåret – Kva vondt har desse borna gjort?



No lurer du sikkert fælt på kva eg har tenkt å skrive om i dag. Men ikkje heilt uventa handlar det om språk også denne gongen.


Eg sit her med eit lite raudt hefte på ca. tretti sider skrive av Halvor Floden frå Trysil/Hernes. Floden var fødd på slutten av 1800-talet og var kanskje mest kjend som barnebokforfattar. Men han var også folkeskolelærar og målmann. I april 1936 heldt han eit føredrag for Austmannalaget der han spurde retorisk: «Kva vondt har desse borna gjort?».

Emnet til Floden var «mishøvet millom morsmålet og skulemålet». Utgangspunktet var at: «Heile den tida eg har vore lærar, har eg arbeidt i ei bygd med eit særmerkt, reint og godt norsk bygdemål (Elverum), men norskdansken (‘bokmålet’) har vore hovudmål i skulane.»  Det er interessant å lese dette no i dag, etter at radioen og tv-en og ikkje minst Internett har komme og ført til dialektutjamning og normalisering. Og sjølvsagt må ein hugse på at bokmålet har endra seg temmeleg mykje sidan den gongen.

Men tenk over denne situasjonsbeskrivinga Halvor Floden kom med i 1936: «Kvar dagen, kvar timen har eg vore nøydd til å sjå på at det framande målet har kome på tverke for dei. Det har vore ei plåge og ei tyngsle, det har sett dei attende i utviklinga, det har kjøvt interessa, demt upp for evnene, gjort alle bøker og fag tunglærde, av di skriftmålet og lærebokmålet var nok heilt anna enn bygdemålet.» –Hadde dette vore skrive på bokmål og stått på trykk i dag, hadde nok dei fleste tenkt at det handla om nynorsk. Men dette var altså erfaringane til ein lærar i den norske skolen på 30-talet, og det var på Austlandet.

«Sjå på boka mi, segjer barnet. Nei, se på boken din, segjer skulen. Auga mine, har mor sagt, men lærarinna rettar det til øinene mine. Handa åt barnet får ikkje sleppe til med å skrive ‘norsk’ – barnets hånd lyt ta seg av slikt. Beina åt barnet er for simple til å trø på golvet i skulestova, – benene må ‘tre’ på gulvet i skolestuen.»

Halvor Floden hadde mykje interessant å fortelje, og noko kan høyrast ut som reine eventyr: «Sumtid har det synt seg at det kan vere fårleg å sleppe borna til å skrive morsmålet sitt i ein bokmålsskule: Dei vil halda fram! Dei er ikkje seine um å sjå at dette er då på lag med det same som nynorsk. Og snart troppar dei upp – den eine etter den andre – og bed og bed: Vi vil få skrive nynorsk! Det er so lett, det er som vårt eige, det er so morosamt so! Ein gong kom mest heile klassa og fall over meg med slike krav, og sume nekta blankt å skrive fleire stilar på bokmål.»

Det var nesten 40 % nynorskbrukarar før krigen, og talet var stigande. Men krigen sette ein stoppar for denne utviklinga. Historia til Halvor Floden er skolehistorie og målhistorie. Om ein vil avfeie dette som eit tilbakelagt stadium, kan ein gjerne gjere det. Men ein får vel unekteleg noko å tenkje på, eller? :-)

Utskrift E-post