Kommentar: Språkåret – Øydejorder som poesi

Då eg var på bruktmessa i Vikingskipet på Hamar og auga fór hit og dit gjennom havet av ting og tang og mylderet av folk, festa blikket seg plutseleg på ei bok som låg pent på eitt av dei meir ryddige borda. «Øydejorder. Gløymde gardsnamn og burttynte gardar i Nordhordland».

 

Tittelen var for meg som tittelen på ei diktsamling. Samtidig var eg klar over at eg nok var éin av svært få av dei mange tusen som var innom Vikingskipet den helga, som ville tenkje eller føle slik. Boka handlar om noko så prosaisk som gardsnamn, og boka er skriven på nynorsk – eller ikkje berre nynorsk, men landsmål. Boka kom ut i 1925, dvs. fire år før landsmålet skifta namn til nynorsk, og allereie i tittelen kunne ein gjennom ordet «burttynte» sjå at forfattaren ikkje følgde 1917-rettskrivinga, sidan «bort» då blei eineform.

Det kan kanskje vere uheldig å trekkje fram ei slik gammal bok i Språkåret 2013, der det framleis finst dei som meiner at nynorsk er vanskeleg og uforståeleg, trass i ei lang rekkje rettskrivingsreformer. Men denne boka handlar først og fremst om gardsnamn frå tida før og etter svartedauden, altså 1349, og boka er skriven på landsmål, som i dag av mange kan oppfattast som like gammaldags som gammalnorsk. Er ikkje dette spennande i seg sjølv?

Forfattaren startar boka si med følgjande litle vers: «Til minnet um alle deim som rudde og bygde, som klorde sig fast i ei trong tid, som førde krig med stein og stuv, og sut og saknad – helgar eg dette arbeid.» Dette verset åleine vitnar om at forfattaren ser eit klart samband mellom seg og det han skriv om, og den gammalnorske tida og diktinga.

Føreordet heiter sjølvsagt «fyremæle», og det er skrive på det same vakre målet: «Kringum bygderne i Nordhordland hev der vore, og er, mange segner um gardar som vart avfolka og liggjande aude i Svartedauden. Der hev vore, og er, ymse meiningar millom dei lærde kor mykje mannatyning denne (og andre) farsott(er) gjorde. Noko grundigt arbeid um dette – for Nordhordland – hev me ikkje.» Dette er altså utgangspunktet for den litle boka som låg der så einsam på eit bord i Vikingskipet i 2013.

Litleskaret skreiv elles: «Me ser i vaar tid at gardarne gjeng i viddi, og nytt lende vert rudt kvart einaste aar, og nye rudningsplassar upptekne, men me veit ikkje at her eingong i millomalderen hev vore mykje tettgrendt, endaa um gardarne hev vore mindre.» På same måte som denne boka er eit forsøk på å ta vare på den gamle historia til gardane og gardsnamna, er boka samtidig eit historisk dokument over eit skriftspråk i vekst og utvikling. Det nynorske skriftspråket var framleis svært ungt på dette tidspunktet, men hadde ein del gammaldagse trekk ut ifrå vårt perspektiv i dag. Opp igjennom historia har folk hatt ulike meiningar om kva ein bør eller ikkje bør ta vare på av dei ulike formene. Men uansett kva ein måtte meine om det, har det blitt produsert tekstar på alle dei ulike variantane av norske skriftspråk i nesten to hundre år, og dei kan studerast – eller berre nytast som rein poesi – i dag.

Utskrift E-post