Kommentar: Språkåret – Språk som handling




Vi tenkjer ofte på språk som skriftspråk og på talespråket som ein dårlegare versjon av skriftspråket. Mange språkdebattar handlar om «riktig og gale» og formelle sider ved eit normert skriftspråk, mens funksjonen til språket ofte kan komme i bakgrunnen.

Kva meiner ein så med «funksjonen»? Det er jo ikkje slik at menneska fekk lagt eit språk i fanget, og så måtte ein prøve å finne ut kva ein skulle bruke det til. Grunnlaget for all kommunikasjon er ulike typar behov ein ønskjer å formidle til andre. Dyra kommuniserer med kvarandre på sin måte, men menneskehjernen utvikla seg på ein slik måte at ein kan tru at det nettopp er språket som er sjølve «essensen» i mennesket, det som definerer oss som art.

Innanfor kommunikasjonsteorien går ein ut frå tre grunnleggjande kommunikasjonsbehov: å gje informasjon, t.d. «Det står ein mammut nede i dalen.»; å be om informasjon, t.d. «Skal vi prøve å fange mammuten?»; å oppmode om å få varer eller tenester: «Ta spyda dokkar og følg meg!» Vi seier då at desse setningane har som funksjon å formidle eit meir eller mindre konkret behov.

Den merksame lesar vil kanskje oppdage at desse tre kommunikative behova gjerne blir uttrykte gjennom spesielle setningskonstruksjonar. Den første setninga er ei såkalla utsegnssetning der ein gjerne formulerer ein type påstand. Den andre setninga er ei spørjesetning, og den tredje setninga er ei såkalla bydesetning. Vi kan altså sjå at den formelle grammatikken har funne former som er tilpassa dei konkrete kommunikative behova. Her treng ein ikkje å lure mykje på høna eller egget.

Men språk er sjølvsagt mykje meir enn eit direkte forhold mellom eit kommunikativt behov, ein språkleg funksjon og eit formelt, grammatisk uttrykk. Noko som mest truleg skil oss menneske frå dyra, er at vi kan kommunisere indirekte. Vi kan skilje mellom ei konkret tyding og ein språkleg funksjon eller ei kontekstuell meining. Setninga «Det står ein mammut nede i dalen» er formelt sett ein påstand eller ein type informasjon. Men den same setninga kan faktisk fungere som eit spørsmål dersom ein endra setningsmelodi (og i skrift set eit spørsmålsteikn bak): «(Er det sant?) Det står ein mammut nede i dalen?». Og setninga kan faktisk også fungere som eit påbod: «Det står ein mammut nede i dalen!» og implisere at alle skal ta våpna og gå på jakt.

Det er altså ikkje nødvendigvis alltid nokon direkte samanheng mellom den formelle grammatiske forma til ei setning og funksjonen setninga kan ha som ei språkhandling i ein konkret samanheng. Det kan vere interessant å sjå på språket ut frå eit handlingsperspektiv og spørje som språkfilosofen J. L. Austin: korleis handlar vi eigentleg gjennom å bruke språk?



 

Utskrift E-post