Kommentar: Dialektriket Noreg



NRK-programmet Dialektriktet har i det siste fått litt ekstra merksemd. Ein sjåar hadde sendt eit brev direkte til programleiaren, og dette brevet blei spreidd i rekordfart via sosiale medium.

 

I Språkåret 2013 kan ein gå ut ifrå at det både er akseptert og naturleg å bruke dialekt i dei fleste situasjonane i kvardagen. Det finst dei som av ulike grunnar normaliserer dialekta si, men dei fleste er ikkje nødvendigvis direkte tvinga til det. Som oftast vil ein knyte dialekta til identiteten til ein person, og i mange samanhengar vil ein kunne få negative reaksjonar dersom ein «knotar», fordi dette kan oppfattast som uekte eller tilgjort.

Det finst sjølvsagt dei som bruker skriftspråket som mal og mål også for det munnlege uttrykket, men det kan verke som om dei fleste i Noreg ser på eit talemål som kan knytast til ein bestemt plass eller ein region, som meir ekte og personleg enn noko anna kjenneteikn ved ein person.

Språk og dialekter engasjerer – i Noreg kanskje meir enn i mange andre land. Alle har ei meining om språk – ikkje minst om skriftspråka bokmål og nynorsk, men også om dei ulike dialektene. Ein treng ikkje å seie mange setningar før ein blir spurd om kvar ein kjem frå. Dette er heilt vanleg i Noreg, og bruker ein ei anna dialekt enn den ein skulle rekne med ut ifrå bakgrunnen, kan ein gjerne vente seg ein lengre samtale der ein må gjere greie for årsakene.

Kva så med brevet til NRK-programleiaren? Vel, programleiaren er vaksen opp i Noreg og pratar ei rein og «klassisk» norsk dialekt frå Telemark. På 1800-talet kunne ein nesten ikkje tenkt seg noko meir norsk enn telemarking. Men så heiter ho Yasmin Syed og er litt mørkare enn mange andre fordi ho har ein far frå Kashmir. Dette åleine var då grunn nok til at ein sjåar sende eit brev med svært fornærmande innhald – og faktisk skrive på dårleg norsk. Som innvandrar var det jo klart at ho ikkje kunne eller visste noko som helst, og ho skulle ikkje fortelje sjåaren og dei andre om deira språk – som då altså ikkje var hennar språk.

Språk og dialekter er viktige identitetsmerke, men kva er det som får enkelte til å føle seg truga når dei høyrer ei dialekt i ei litt anna innpakning enn dei kanskje er vant til? Kan det verkeleg vere slik at hudfarge i 2013 framleis blir brukt som eit kriterium som ein kategoriserer menneskelege individ ut frå? Kan det verkeleg vere slik at ein uansett aldri er norsk dersom ein har feil hudfarge eller eit namn som ikkje høyrest eller ser norsk ut? Er det verkeleg slik at ein ikkje kan ha kunnskapar om norsk og Noreg dersom ein ikkje ser arisk ut? Er kunnskap noko som er medfødd?

Brevet frå denne sjåaren viser at Dialektriket er eit viktig program nettopp med Yasmin Syed som programleiar, og det viser tydeleg at Språkåret 2013 er året som aldri bør ta slutt.

Utskrift E-post