Ulven og nynorsken

Kva har ulven og nynorsken til felles, spør du deg kanskje? Anten elskar ein han, eller så hatar ein han, eller så bryr ein seg ikkje om han så lenge han berre held seg langt unna.


Ulven får halde seg i ulvesona, og nynorsken får halde seg på Vestlandet. Det kan godt hende at ulven har vore her heilt sidan siste istid, og det kan godt hende at nynorsken har eit grunnlag som går langt tilbake i tid. Men på same måten som mennesket har fortrengt ulven og i nyare tid delvis måtte etablere han på nytt og opprette vernetiltak, kom dansken og fortrengde det nyare norske språket – spesielt i skrift – slik at det måtte innførast på nytt og vernast.
Dei som hatar ulven, argumenterer ofte med at han et altfor mange sauer. Samtidig har menneska alltid ete fleire sauer enn ulven eller bjørnen har gjort – men det pratar vi ikkje om. Menneska har truleg også ete fleire bjørnar enn bjørnar har ete menneske. Nynorsken har nok ikkje teke livet av nokon eller noko, men han får ofte skylda for at han drep motivasjonen til elevane.

Dei som ikkje likar ulven, meiner han burde vere «valfri», det vil seie at ein burde kunne jakte på han som ein vil, og gjerne utrydde han. Dei som ikkje likar nynorsken, meiner han burde vere valfri, slik at ein så fort som mogleg vil kunne «utrydde» han – i alle fall frå skolen.

Skogen og skolen – han er no «der ute» – ulven og også nynorsken. Ein kan jo gjerne vere imot ulv og nynorsk. Nokon likar mora, nokon likar dottera, og nokon likar ingen. Men naturen hadde nok vore fattigare utan ulven, og det språklege landskapet i Noreg hadde definitivt vore mykje fattigare utan nynorsken. Blir ein betre kjend med ulven, kan det hende ein byrjar å like han. Blir ein betre kjend med nynorsken, vil ein definitivt bli meir og meir glad i han. Ofte kan det vere greitt å oppsøkje det ein er redd for eller skeptisk til. Kva med å ta seg ein tur på bokhandelen og kjøpe seg ei bok om ulvar og ei bok på nynorsk? Gjennom ord blir verda stor, seier vi i målrørsla.

Utskrift E-post