Dokker fekk nokon nye skrivemåtar

Den nye rettskrivinga for nynorsk har vore i bruk i meir enn to år, og det kan vera på tide å sjå litt på om nokon av dei nye formene er på hogget.

 

Denne gongen ser eg på to nye former i dei personlege pronomena. Me hugsar at i den gamle rettskrivinga skilde ein mellom nokre og nokon, slik at ein skulle bruka nokre i forteljande setningar, men nokon i nektande og spørjande setningar. Det nye er at du no kan bruka nokon i alle samanhengar, også i setningar som den i overskrifta, eller i denne: Northug hadde nokon kort i ermet. Me som les ein del nynorsk i jobben vår, ser at denne bruken av nokon alt er teken i bruk. Men hugs at du framleis kan bruka det gamle skiljet mellom dei to formene.

Nokon-forma har det vore lite diskusjon om. Derimot har mange uttrykt ein viss skepsis til det nye pronomenet dokker med eigeforma dokkar, som er eit alternativ til det etablerte de, dykk og dykkar. Du kan altså no skriva til dømes: Dokker slo dokker på knea dokkar, i staden for De slo dykk på knea dykkar. Dokker-forma kom opp etter at rettskrivingsnemnda fekk tommelen ned for framlegget om å bruka dykk også som subjekt: *Dykk slo dykk. Eg har ikkje sett dokker-forma i bruk særleg mykje så langt. Men då eg heldt nynorskkurs på Sortland videregående skole i november, møtte eg lektorar som var svært fornøgde med den nye forma. Dei hadde innført dokker med ein gong, sidan det stemmer med dialekten i Vesterålen. Så kanskje er dette ei form som kan gjera nynorsken litt kjekkare å bruka  for elevar som i utgangspunktet er noko skeptiske til språket vårt.  

Utskrift E-post