Kulturkompetanse - kjekt å ha?

Midt på syttitalet kom den første norske kulturmeldinga. Meldinga var viktig og starta opp prosessar som me ser ettervekst av heilt fram til i dag. Mellom anna hadde meldinga i seg signal til norske kommunar om at det kunne lønna seg å ha ein kulturadministrasjon.

Kommunane tok poenget. Mest alle bygde opp kulturkompetanse i staben, sjølv om kvaliteten nok ymsa mykje. Etter kvart vart den kommunale kultursektoren meir straumlinjeforma – på godt og vondt. Opp gjennom åra har det kome mange krav til omstillingar i kommunane. Det har blitt mindre pengar att til arbeidsfelt som ikkje er lovpålagde, og dei kommunale kulturstillingane forsvann, ein etter ein – særleg i dei små kommunane.

For nokre dagar sidan høyrde eg statsråd Liv Signe Navarsete innleia til debatt om lokalt kulturliv på Skei i Jølster. Mange kommunar oppfattar nok Kommunal- og regionaldepartementet som eit slags reservekulturdepartement, og kanskje med god grunn. Statsråden snakka godt for seg. Ho var faktisk så engasjert i det ho sa, at ho to gonger kom til å kalla seg sjølv kultur- og regionalminister.

Eitt av hovudpunkta i talen var at ein må ta vare på dei lokale eldsjelene, hjelpa dei fram, tilføra dei kompetanse og støtta dei, slik at dei ikkje brenn seg ut. Dette er viktige – og naturlege – oppgåver for dei fleste kommunale kulturadministrasjonar. Det er berre det at i svært mange kommunar er det ikkje lenger kulturfagleg kompetanse. I alle høve ikkje i mange av dei små kommunane.

I 2007 kom kulturlova. Lova er generell, men likevel viktig. Ho har mellom anna fått konsekvensar for andre lover. Den nye plan- og bygningslova føreset at kommunane har tilgjengeleg kulturfagleg kompetanse, og at alle plansaker skal vurderast kulturfagleg: ”Det skal settes mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklingen i kommunen og regionen,” står det å lesa i føremålsparagrafen til lova.

Det er ikkje så lenge til Kommuneproposisjonen skal leggjast fram. Kanskje kommunal- og regionalministeren bør gjera som det vart gjort i kulturmeldinga på syttitalet: leggja inn føringar som gjer at også mindre kommunar ser seg tente med å knyta til seg kulturfagleg kompetanse.

Utskrift E-post