Nokså Dårleg Lærings Arena (NDLA)

Byline VidarByline Vidar

Alt var slett ikkje så mykje betre før – takk og pris og heldigvis. Men på nokre område står det ikkje så bra til:

Kommunar signaliserer at dei vurderer å halda språkkurs for nytilsette saksbehandlarar, slik at desse kan læra å skriva forståelege sakspapir. Papir- og nettaviser, som ikkje lenger ser seg tente med eller har råd til å ha korrekturlesarar, vurderer språkkurs for sine nytilsette. I tillegg til lærarar og forfattarar er slike faggrupper dei viktigaste språkformarane i kvardagen vår. Me møter produkta deira kvar dag, og me vert språkleg påverka av dei, anten me vil eller ikkje.

Både saksbehandlarar og journalistar har høgskule- og/eller universitetsbakgrunn. Dei har truleg solide fagkunnskapar på kvar sine område. Men dei slit med å skriva norsk – både bokmål og nynorsk –, og språket er den viktigaste arbeidsreiskapen deira.

Det er nok mange grunnar til at det er blitt slik. At det har vore vanskeleg å rekruttera lærarar i periodar, og at studentar gjennom fleire tiår kunne fullføra lærarutdanninga utan annan kunnskap i norskfaget enn det dei hadde med seg frå vidaregåande, har nok verka inn.

Me kjem heller ikkje unna kvaliteten på lærebøkene. I LNK sitt handlingsprogram står det at me skal arbeida for ”å få på plass att ei ordning med språkleg godkjenning av læremiddel på eitt eller anna nivå”. Rundt tusenårsskiftet vart den statlege godkjenninga av læremiddel fjerna. Ordninga var etter kvart blitt byråkratisk og tungrodd og vart nytta til å godkjenna mykje meir enn språk: Læremiddel skulle vera kjønnsnøytrale, religionsnøytrale og mykje meir. Godkjenningsordninga vart ein systempropp. Bøker og læremiddel sto i kø hos Norsk språkråd og venta på å sleppa gjennom nålauget. Slik ordninga utvikla seg, kunne det òg hevdast at ho fungerte som ein reiskap for statleg styring av politisk innhald i lærebøkene. Ordninga vart avvikla.

Marknaden skulle styra: Forlagsbransjen fekk ansvaret for at språket i lærebøkene var godt, og det var opp til einskildlærarar/skular å avgjera innkjøp. Filosofien var at dersom skulane tinga bøkene, var dei gode nok. Når det var snakk om nye læreverk, var dette sjølvsagt risikosport for nynorskelevar. Nynorskversjonane vart ikkje ferdige før opp under jul, lenge etter at undervisninga hadde teke til. Lærarane måtte altså ofte ta stilling til kvaliteten på nynorskutgåvene ut frå ei vurdering av bokmålsutgåva! Økonomien spelte nok ikkje så stor rolle i vidaregåande skular. Der kunne lærarane senda rekninga vidare til elevane. Men i grunnskulen vart prisen på læremidla stadig viktigare.

Det varte ikkje lenge før klagene kom, mellom anna til LNK. Nynorskutgåvene var altfor ofte tydeleg hastverkomsette frå bokmål. I tillegg hadde ein ny aktør kome på banen. I 2006 gjekk fylkeskommunane (utanom Oslo) saman om å skipe Nasjonal digital læringsarena (NDLA). Fire av eigarane i NDLA, altså dei fire fylkeskommunane på Vestlandet, er medlemer i LNK. NDLA utviklar digitale læremiddel til bruk i vidaregåande skule og framstår som eit forlag. Men dei vil ikkje vedgå at dei er det. Fylkeskommunane brukar ein del av dei midlane dei fram til no har kjøpt læremiddel for hos forlaga, til å utvikla tilsvarande læremiddel hos NDLA. Forlaga er sjølvsagt redde for at dei snart må slakta den viktigaste økonomiske mjølkekua si, og rasar mot den nye ordninga.

Etter at godkjenningsordninga forsvann, har ikkje forlaga imponert med språkleg kvalitet i læremidla sine. Fylkeskommunane har teke inn over seg at elevane i vidaregåande har rett på gratis skulebøker, og satsa på sitt eige forlag, NDLA. Men NDLA gjer det ikkje lett for seg sjølv. Den språklege kvaliteten på mykje av det dei har levert til no, er så dårleg at det må vera pinleg også for eigarane.

Kulturdepartementet har meir og mindre avvist ideen om ei ny godkjenningsordning. Dersom staten ikkje vil ta dette ansvaret, bør fylkeskommunane saman drøfta korleis dei skal sikra elevane sine rettar.

 

Utskrift E-post