…og dalstroka innafor

Vidar HøviskelandVidar Høviskeland

Eit politisk jordskjelv er det blitt kalla. Over sommarnatta gjekk Hardanger frå å vera eit perleband av idylliske vestlandsbygder til å bli årestad for alt som er av sivil ulydnad, miljøterrorisme og det som måtte vera verre her i landet. Hardanger vaks ut over seg sjølv og vart eit overtydeleg portrett av den tidlegare så grå, ansiktslause og Oslo-definerte ”periferien”. Hardanger fekk god hjelp av Statistisk Sentralbyrå, som kom i skade for å blanda saman det velsigna verdinøytrale omgrepet ”brutto nasjonalprodukt” med det noko meir lada ordet ”verdiskaping”- og forskar ved NUPI, Iver B. Neumann, som uttalte til NRK at: ”ikke i noe land får distriktene så mye fra hovedstaden som i Norge. Likevel gnåler små grupper i periferien”.

Ein kan seia mykje om mastene/kablane i Hardanger og mange gjer det. Det kan òg seiast mykje om behovet for å føra meir elektrisk kraft til Bergensregionen (medrekna opptatt elektrifisering av Troll-feltet i Nordsjøen – som jo skal drivast i nokre år til), men denne saka handlar om så mykje meir enn straumforsyning og miljøvern. Dette er ein klassisk sentrum/periferi-debatt, men sterkare og breiare enn på lenge. Det nye denne gongen er nettopp breidda. Når profilerte intellektuelle marsjerer hand i hand med mediasky kapitalistar for å lenka seg saman med fruktbønder i Hardanger, då er det alvor. Når sjølv Bergen gløymer å vera seg sjølv nok i nokre dagar, og løfter blikket mot dalstroka innafor, då er det håp.
Det mest overraskande er kanskje media si rolle i saka. Bergens Tidende, VG, Dagsavisen, ja sjølv Dagens Næringsliv hadde sterke synspunkt i saka på leiarplass. Dei støtta ikkje sentrumsmakta i hovudstaden, men tvert om periferikreftene. Det skal bli interessant å sjå om desse nye alliansane vil vara ved.

… og målføra innafor


I Språkrådet er dei godt i gang med å normera nynorsken. Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ”ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som brukar nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.”  Det blir spennande å sjå kva som kjem ut av arbeidet når nemnda legg fram tilrådinga si i februar neste år.


For det ligg nokre snublesteinar der ute: Nemnda må sjølvsagt arbeida ut frå den grunnleggjande demokratiske ideen om at skriftspråket nynorsk skal byggja på norske dialektar. Dei norske målføra endrar seg raskt no om dagen, og nesten konsekvent i retning av talemålet i næraste by. Dette er ikkje nødvendigvis negativt. Dei fleste norske byar har dialektar med setningsbygnad som ligg nær nynorsk – sjølv om innbyggjarane ofte brukar bokmål som skriftspråk. Men utfordringa for rettskrivingsnemnda er at desse bydialektane ofte har teke inn i seg ei rekkje bokmålsord som etter kvart også vert tekne i bruk i regionane rundt byane.


K va vil rettskrivingsnemnda gjera då? Normera ut frå dialektane slik dei faktisk er i dag, eller ut frå dialektane slik dei var? Eller kanskje ut frå slik nemnda meiner dei burde ha vore? Her er det lett å koma på kollisjonskurs med det demokratiske prinsippet i nynorsk.

UtskriftE-post