Kunnskapsløyse som kampsak

Byline VidarByline Vidar

Høgre var lenge kjend som «kunnskapspartiet». Partiet har i tiår etter tiår argumentert for kor viktig det er med kunnskap, danning og meir læring i skulen. Men det var altså før populistane i Unge Høyre vaks til. Du hugsar sikkert dei med «La dem raute nynorsk - bare vi slipper», og bokbål med brenning av nynorskordlister som festlege verkemiddel i valkampen. I dag sit fleire av desse bokbrennarane som byrådar …

På sist landsmøte vann denne grupperinga fram, og eit stort fleirtal gjekk inn for at sidemål skal vera valfritt i ungdomsskulen. Elevane skal altså ha rett til å velja vekk den delen av norskfaget dei ikkje likar. Spør du ein trettenåring om han kan tenkja seg å sleppa eit fag, eller ein del av eit fag, er det ikkje overraskande om svaret er ja. «Kunnskapspartiet» Høgre ønskjer altså å flytta ein del av ansvaret for kulturpolitikken her til lands frå Kulturdepartementet og over til tretten år gamle elevar. Samstundes argumenterer partiet med sterkare satsing på teoretiske fag, opplæring i framandspråk frå første klasse (!), betre lærarar og strengare krav til orden og disiplin. Berre ikkje når det gjeld nynorsk. For som Linda Hofstad Helleland sa det: Nokre elevar «slit med grammatikk og sidemålsstilar». Avisa Hallingdølen kommenterer lakonisk at «dersom graden av ’slit’ skal styre Høgres framtidige skulepolitikk, kan det bli snautt med fag i grunnskulen.» Dersom elevar slit i eit fag, er det ikkje då mest naturleg å styrkja lærarkompetansen og innsatsen i det faget?

Vedtaket rokkar ved eit 125 år gammalt prinsipp om at me har to likestilte skriftformer her til lands, og at språket norsk er det same som nynorsk og bokmål – til saman. Kanskje det er på tide å leita fram store ord som kulturarv og nasjonsbygging?

Sidemål er sjølvsagt eit håplaust omgrep når me snakkar om to likestilte språkformer. For Unge Høyre er sidemål det same som nynorsk. For Unge Høgre og for elevar i medlemskommunane i LNK er sidemålet bokmål. Dei mest ressurssterke elevane i begge leirar vil kanskje velja å halda på heile norskfaget, men storparten vil truleg velja vekk ei språkform – rett og slett av di dei kan. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at sjølv gode nynorskforeldre vil rå ungane til i alle fall å læra seg majoritetsspråket, slik at dei ikkje vert utestengd frå store delar av arbeidsmarknaden, når så langt kjem. Særleg når dei ser kva haldningar delar av det politiske miljøet har til nynorsk.

Høgreleiar Erna Solberg opna i dagane før landsmøtet for at forslaget kunne koma opp, men både ho og nestleiar Jan Tore Sanner røysta mot. Andre sentrale partimedlemer har gått aktivt ut mot vedtaket. Sentralstyremedlem Arne Hjeltnes, ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, fylkesordførarkandidat Norval Distad i Sogn og Fjordane, og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik seier alle at dei vil kjempa vidare mot vedtaket.

I svært mange aviser er resolusjonen blitt latterleggjort. Leiarskribenten i Hallingdølen seier det slik: «Vedtaket vitnar om kunnskapsløyse. […] Dette er utilsløra frieri til unge nynorskhatarar i urbane strok. Valfritt sidemål i ungdomsskulen skal bli vinnarsaka i kampen om førstegongsveljarane.»

Eg er redd for at Hallingdølen har rett, men eg håpar gode, verdikonservative krefter i Høgre klarar å bevisa at eg tek feil.

Utskrift E-post