Boklov eller frislepp?

Byline VidarByline Vidar

Dei siste vekene har spørsmålet om Noreg skal få ei boklov, eller om me skal sleppa marknadskreftene laus også på denne delen av kulturområdet, rasa i avisene.

Spørsmålet er aktuelt sidan kulturminister Anniken Huitfeldt har tinga, og fått lagt fram for seg, to rapportar som kartlegg moglege litteraturpolitiske verkemiddel og korleis bokbransjen har vald / fått lov til å organisera seg i landa rundt oss. Konklusjonane er slett ikkje eintydige.

Den første rapporten skulle vurdera korleis dagens litteratur- og språkpolitiske verkemiddel er eigna til å fremja kvalitet, breidde og variasjon i norsk litteratur, medan den andre skulle studera tilhøva i andre land i Europa og kartleggja om verkemiddel frå desse landa kunne ha overføringsverdi til norske forhold.

Rapportane analyserer mange ulike litteraturpolitiske verkemiddel, men avisdebatten har først og fremst handla om pris: Treng me ei ny boklov som regulerer prisnivået på bøker, eller skal forlag og bokhandlarar ha høve til å prisa bøker slik dei vil?

Kulturforskar Georg Arnestad har vore særs synleg i debatten og har konkludert med at me ikkje treng ei eiga boklov:

– Knapt noko land i den vestlege verda har eit litterært system som er så regulert og statleg subsidiert som Noreg. Vi har ei rad med særnorske innkjøpsordningar, bokavtale mellom partane, momsfritak for all litteratur, kollektive vederlagsordningar og gunstige personlege stipendordningar for både fag- og skjønnlitterære forfattarar. Treng vi ei regulerande boklov i tillegg?

Bok-Noreg står overfor store strukturelle endringar dei nærmaste åra. Ei partsinitiert boklov vil bidra til å sementera dagens bransjestruktur. Boklova vil kunne stå i vegen for nødvendige innovasjonar i formidling og distribusjon både av papir- og e-bøker. Og det er dei norske lesarane som vil tape på dette, skriv Arnestad i Aftenposten.

Arnestad har nok eit poeng når han skriv at bokbransjen står overfor store strukturelle endringar i tida som kjem. Han har kanskje òg rett i at den noverande strukturen, der dei store forlaga eig sine eigne bokhandlarkjeder, er skuld i at det knapt blir produsert norske e-bøker, slik at norske lesarar heller les engelske bøker frå Amazon.

Men det er vanskeleg å forstå at Arnestad kan vera så kategorisk. Litteraturen er den viktigaste bæraren av nasjonalspråka våre, og ei boklov vil utan tvil kunna vera med på å oppretthalda språkmangfaldet i landet. Det er mellom anna ut frå ein slik språkpolitisk argumentasjon Frankrike har valt å halda på si boklov. For eit lite språkområde som Noreg vert dette argumentet endå viktigare.

I dag er det om lag 60 bokhandlarar i LNK-kommunane – og slett ikkje alle er eigde av dei store forlaga. Driftsgrunnlaget for mange av dei kan verta drastisk endra dersom det vert innført fri pris på bøker. Ei eventuell sanering av små bokhandlarar – og svært mange av desse ligg i område der det berre er éin bokhandel – vil føra til at det vert generelt vanskelegare å få tak i litteratur. Dette vil kunna forsterka ei kulturell og intellektuell utarming av distrikta.

Dersom marknadskreftene aleine skal avgjera bokprisane, kan det til dømes over tid verta vanskeleg å halda oppe prinsippet om at skulebøker på nynorsk og bokmål skal ha lik pris – sjølv om dette er lovfesta i dag. Fri pris på bøker kan altså få som konsekvens at den reelle valfridomen elevar skal ha til å velja anten nynorsk eller bokmål, vert endå meir uthola enn i dag.

Ei slik utvikling er me ikkje tente med.

Sterkare konkurranse og eit prispress på bøker vil nok i utgangspunktet kunna sjåast på som positivt for brukarane. Men mange forlag brukar fortenesta eller noko av fortenesta frå bestseljarane sine til å sikra utgjeving av litteratur retta mot mindre målgrupper.

Dei mest kommersielle forlaga ser på nynorskbøker som marginale produksjonar. Lågare marginar på dei «sikre» bøkene kan føra til mindre evne og vilje i forlaga til å satsa på bøker som tradisjonelt sel dårlegare. Alt i alt kan dette føra til ei endå sterkare kommersialisering av bransjen, og til svekking av mangfaldet.

Politiske styremakter må vurdera å innføra ei ny boklov som sikrar utgjevingar av nynorsk litteratur, av debutantar, av smale litterære sjangrar og av litterære prosjekt som krev ein viss økonomisk risiko av forlaga.

UtskriftE-post