Nynorsk pluss - litt til ...

Byline VidarByline VidarFor eit par veker sidan tok NRK-programmet Språkteigen fortenestefullt opp ei viktig problemstilling: Innvandrarar som får norskopplæringa si på bokmål – i nynorskområde. For nokre år sidan var dette standard, det fanst knapt ei lærebok på nynorsk for denne målgruppa. Fleire stader i landet gjekk lærarar saman om å utvikla eigne «handlaga» kompendium for å kunna gi tilbod om nynorskopplæring.

Situasjonen har endra seg. Gloppen opplæringssenter var tidleg ute med sitt prosjekt, Nynorsk+. Dei siste åra har VOX, eit nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, utvikla mange gode læremiddel på nynorsk. Utvalet er nok ikkje like godt som for bokmålsbrukarar, men det er godt nok til å kunna forsvara nynorskopplæring for innvandrarar. Og meir materiell kjem etter kvart: Like før jul fekk alle skular i LNK sine medlemskommunar tilbod om gratis abonnement på nynorskversjonen av Klar tale. På nynorsk heiter avisa Kort og klart.

Likevel kunne altså Språkteigen dokumentera at sju av 26 nynorskkommunar i Sogn og Fjordane framleis berre brukar bokmål i opplæringa av innvandrarar. Dei er ikkje åleine: Dette er praksis også i fleire andre nynorskkommunar.

Oppvekstetatane i nokre av desse kommunane forsvarar seg mellom anna med at fleire innvandrarar likevel reiser vidare til bokmålskommunar etter ei stund. Dersom dei respektive kommunane er like lite offensive i arbeidet med å tiltrekkja seg nye innbyggjarar generelt, er det ikkje merkeleg at innbyggjartalet går ned i Distrikts-Noreg.

Det er innvandrarane som held oppe folketalet i til dømes Gudbrandsdalen, fleire område i Møre og Romsdal og storparten av Sør-Trøndelag. Store delar av næringslivet vårt kunne ikkje ha eksistert og ekspandert dersom me ikkje hadde hatt denne kjærkomne arbeidskrafta.

Forskar Mariann Villa i Bygdeforskning skriv i Kommunal Rapport at dei er i ferd med å starta opp eit forskingsprosjekt som har som mål å synleggjera kor godt innvandrarane vert integrerte i det lokale kultur- og arbeidslivet, og kva rolle dei spelar for den økonomiske vitaliteten i bygdene. Prosjektet skal òg få fram korleis innvandring utfordrar og gjer det bygdenorske velferdssamfunnet rikare.

Impulsar utanfrå er viktige ressursar for alle samfunn. Utfordringa for kommunane vert å leggja til rette for vellukka integrering. Ein god start kan vera å la innvandrarane få opplæring i det språket dei møter i sitt eige nærmiljø.

Utskrift E-post