Nytt frå landsmøteland

Vidar HøviskelandVidar HøviskelandApril er landsmøtesesong. På ei veke rakk eg over ikkje mindre enn tre landsting i tre viktige organisasjonar.

I Ørsta feira Noregs Mållag at dei har fått fleire tusen nye medlemer sidan i fjor, og takka Kristin Halvorsen og Utdanningsdirektoratet for dette. Ved gjestebordet sat eg saman med Vigdis Finnbogadottir. Ho er for tida «goodwillambassadør» for Unesco, fødd i 1930 og skulle nå endå fleire landsmøte enn eg den veka.

Andre dagen sat eg saman med Marie Lovise Widnes. Ho er også 83 år og attpåtil æresmedlem i Mållaget. Då eg kom til å nemna for henne at eg har fleire av songane hennar på 78-plater – slike gamle steinkaker, de veit –, svarte ho at det var vel og bra, men at det er digitale media som gjeld i våre dagar, og at eg heller burde gå på Spotify og høyra henne der. Så det så.

Ottar Grepstad heldt ein særs god tale om «den språkpolitiske vendinga».

På Voss markerte LNK at dei vanskelege tenåra er over; i år er det 20 år sidan organisasjonen vart skipa. Landstinget skulle vera ein statusrapport om korleis det står til med nynorsken i Språkåret 2013.

Mange kloke ord vart sagde, men det viktigaste kom kanskje fram i debatten om «Norsk språk – etter Språkåret». Då åtvara Jan Olav Fretland mot å grava seg ned i språkfaglege detaljar når den verkelege språkkampen i dag står om den skriftlege opplæringa skal halda fram eller ikkje. Ingen var i tvil om kva han meinte.

Det var heller ikkje tvil om kva Iril Schau Johansen frå Voss og Hordaland Høgre meinte. Før debattleiaren rakk å stilla kritiske spørsmål, tok ho eit knallhardt oppgjer med språkpolitikken i sitt eige parti. Ord som opportunisme og populisme var ikkje langt vekke. Schou Johansen argumenterte friskt for språksynet sitt og hadde ei ideologisk tilnærming til den norske språkstoda. Lat oss håpa at resten av partiet høyrer på henne.

Ottar Grepstad heldt ein glimrande tale om «Nynorsk – eit stort språk i verda og eit lite i norske kommunar».

Nynorsk er eit stort språk i norske lokalaviser. Siste helga i april var lokalavisene samla til landsmøte i Svolvær. Heile 270 representantar for desse utruleg viktige språkprodusentane hadde funne vegen til Lofoten. I år hadde LLA lagt stor vekt på å synleggjera det språkdelte samfunnet vårt. Arve Sandal, frå nystarta Nynorsk Avissenter i Førde, snakka varmt og engasjert om prosjektet sitt, medan Ottar Grepstad heldt ein særs god tale om «Lokalavisene i eit språkdelt samfunn».

Soulsongaren James Brown vart i si tid kalla «The Hardest Working Man in Show Business». Lesaroppgåva denne gongen vert å finna eit høveleg tilnamn til Ottar Grepstad ...

UtskriftE-post