Kommentar: Språkår og valår

Skrive av Jens Haugan .

Vi er inne i språkåret som aldri skal ta slutt, og vi er inne i eit nytt valår.

 

 

Politiske val kjem igjen med jamne mellomrom. Det er då vi blir kjende med politisk språk og politikarspråk, og nokre politikarar er også opptekne av språk generelt. Fleire parti tek konkret stilling til «språkspørsmålet» i sine program. Det tyder då som regel at ein trur ein kan fiske stemmer anten ved å støtte begge dei offisielle norske skriftspråka aktivt, eller ved å late som ein vil «hjelpe» nynorsken gjennom å gjere han valfri i skolen og i samfunnet. Nokre meiner helst at alt blir så mykje betre dersom vi berre kjem fram til eitt felles skriftspråk.

No har vi jo levd med to sidestilte skriftspråk i over hundre år, og sjølv om ein eventuelt har ulike politiske ståstader, må vel dei fleste kunne innrømme at vi har fått det betre og betre på alle måtar dei siste hundre åra. Det er altså neppe livet med to sidestilte skriftspråk som har skapt problem for det norske samfunnet. Enkelte av oss vil til og med meine at vi på mange måtar har blitt rikare av å dyrke det språklege mangfaldet.

Det kan godt hende at den eine eller andre irriterer seg over anten bokmål eller nynorsk eller dårleg språk generelt, men den eine eller den andre målforma eller begge er vel ikkje grunn nok til å stemme på eit parti? Eller er det det?

Vi har faktisk eit svært godt språkprogram under den noverande regjeringa. Stortingsmelding 35, Mål og meining, er eit ypparleg dokument. Men det er svært få som interesserer seg for det, og ein kan vel ikkje seie at politikarane har brydd seg så veldig mykje om alle detaljane i det heller. Kanskje regjeringa hugsa på det då dei tilsette ny kulturminister. Det var i alle fall ein manifestasjon av det språklege og kulturelle mangfaldet.

Vi skal vere stolte av alle dialektene og språkvariantane vi har, og vi skal bruke dei når vi snakkar politikk, om det no er heime, på lunsjrommet eller i det offentlege rommet. Dess meir språkleg variasjon vi tillèt innanfor dei rammene vi har, dess lettare blir det for den enkelte å bli høyrd i demokratiet. Språk opnar dører. Derfor skal politikarane kunne bruke si eiga dialekt, og dei skal kunne bruke den målforma dei måtte føle seg komfortable med – og det same gjeld oss andre. Dei vedtekne målformene er jamstilte og likeverdige. I neste omgang kan ein bruke språket og fylle det med innhald for å snakke om viktige ting i samfunnet – ikkje om ein skal ha a- eller en-endingar eller om ein skal skrive val eller valg. Godt val(g)!

Utskrift