Kommentar: Språkmonsen



Eg var nettopp på ein stor språkkonferanse i Oslo, Møte om norsk språk, også kalla MONS.

 

Konferansen blir arrangert annakvart år og går på omgang mellom universiteta. MONS 15 ved Universitetet i Oslo hadde dermed nesten tretti års historie å vise til. Det var over 120 deltakarar, og det var om lag 90 føredrag fordelte på tre dagar. Det finst mange konferansar om språk, men dette var altså sjølve Møtet om norsk språk.

Då eg las opp nokre av titlane til føredraga på konferansen for nokon som ikkje visste så mykje om språk, skjønte eg at dette var heilt «gresk» for vedkommande. Eg kunne like godt ha vore på ein konferanse om atomfysikk eller indremedisin. Det er mange som har meiningar om språk og ytrar seg i ulike samanhengar og forum, men det finst likevel ein del tema og perspektiv som «folk flest» nok ikkje har tenkt på.

Kunne du t.d. tenkje deg å vere på eit tjue minutts føredrag om verba vere, bli, ha og få eller at-sletting i norsk? Kva med liggje, sitje og stå som lokasjonsverb? «To hovudtypar adledd i NP: Eit grunnleggjande skilje basert på posisjon i høve til kjernen». Kanskje NP står for norske pærer? Det var i alle fall eit anna føredrag som handla om «Tverrspråklig innflytelse i S2-Pærehistorier».

«Prosodisk gruppering og separasjon» kunne kanskje handle om sosiologi, psykologi og samfunnsvitskap, men handla altså òg om munnleg tale og språkvitskap. Eit anna føredrag heitte: «Det er ikkje reanalyse i pseudokoordineringer (unntatt når det er det)». Då er det lettare å skjønne «Hva gjør et ord lett å lære? En analyse av tidlig ordforråd hos norske barn» eller eventuelt «Kort trykksterk vokal i sentralsørlandske dialekter». Kan ein snakke om dette i tjue minutt? Ja, det kan ein, og det er faktisk svært interessant!

Eg sjølv heldt eit føredrag om ordet «strøyming» (bokmål: strømming) som har komme inn i norsk for det engelske «streaming». Eg snakka altså i tjue minutt om eitt ord (eller eigentleg to), og det var knapt med tid. Føredraget mitt kunne godt ha vart i ein halv time eller tre kvarter.

Så, korfor skriv eg om dette? Vel, vi er inne i Språkåret og det handlar om språkleg mangfald og språklege bevisstheit. Det finst også eit stort mangfald i måten å nærme seg språklege fenomen på, og det er forskarane si oppgåve å prøve å forstå språk og språkbruk frå mange ulike perspektiv. Kanskje det kan vere greitt å vite at språkvitskap også finst «der ute», som ein vitskap ved sida av mange andre viktige vitskapar. Og sjølv om ein altså er «ekspert» på sitt eige språk eller si eiga dialekt, finst det altså svært mykje spennande å finne mellom linjene.

Utskrift E-post