Kommentar: Eit tilfeldig språkmøte

Då eg kom inn på toget første nyttårsdag, kom det ein mann bort til meg og lurte på om han kunne få prate litt med meg – og dét måtte han jo nesten få lov til.

Det viste seg at mannen hadde kjent meg igjen frå avisa, og han hadde rett og slett lyst til å finne ut kva slags menneske som stod bak alle tekstane om språk. Mannen innrømde ærleg at han hadde ein del fordommar, og at han eigentleg var litt negativt innstilt til både meg og nynorsken. Men der stod han altså og spurde høfleg om han kunne få sitje litt saman med meg og prate. Dette var modig gjort!

Vi sat og prata i nesten tre kvarter til han måtte gå av. Vi prata om dialekter, målformer, språkhaldningar og språkhistorie. Det blei ein hyggeleg samtale prega av gjensidig interesse for den andre sine tankar og meiningar. Mannen var uroa for dialektene og korleis det skulle gå med den språklege identiteten til dei unge. Vi var eigentleg innom mange tema som har blitt diskuterte i avisspaltene. Men her var det altså ein lesar som kom frå sidelinja, og ønskte å finne ut kven éin av dei kjende debattantane eigentleg var. Kven var personen, mennesket, bak dei skrivne orda – som jo som regel er på nynorsk av alle ting?

Korleis var det no med «kjærleiken» min til nynorsken? Mannen blei overraska då han skjønte at det ikkje dreidde seg om kjærleik til nynorsken, men om likestilling og demokrati og eit ønske om å drive med folkeopplysning for å dempe motsetningane mellom dei som meiner å måtte reindyrke den eine eller den andre målforma og avvise den målforma ein av ulike grunnar ikkje har valt. Det handla om språkleg mangfald og språkleg og menneskeleg toleranse, filantropi – rett og slett menneskekjærleik.

Det blei ein god samtale – ein samtale som nettopp var prega av toleranse. Språkåret 2013 var året som aldri skulle ta slutt. Det tilfeldige møtet på toget på første nyttårsdag viser at tilskodarar også kan bli deltakarar, og at vi har starta på eit nytt språkår.
Året mitt starta med at ein fremmend mann valde å setje seg ned saman med meg og prate med meg om språk og språkpolitikk – sjølv om han eigentleg allereie hadde gjort seg opp ei meining. Det var ei modig og utfordrande handling å spørje høfleg om å bli kjend med ein fremmend person av rein interesse for sjølve mennesket. Kanskje det finst eit menneske der ute som du har lyst til å vite litt meir om? Kanskje du rett og slett berre skal gå bort og spørje om ein liten samtale? Den som ikkje spør, får ikkje svar. Språk opnar dører.

Utskrift E-post