Brørne Grimm

Frå filmen Frå filmen

Eg ser for tida gjennom ein del episodar av TV-serien Grimm. Serien er basert på eventyr- og segnuniverset til brørne Grimm som kom ut for ca. 200 år sidan.

 


Det er interessant korleis nokre få enkeltpersonar i historia set spor etter seg. Det er også interessant å sjå korleis visse kulturuttrykk med jamne mellomrom får ein slags renessanse. I 2005 fekk ein Hollywood-filmen om brørne Grimm, i 2011 starta ein TV-serien Grimm, og i 2013 kom filmen Hansel & Gretel: Witch Hunters, der ein også har med norske skodespelarar.

 

Våre eigne Asbjørnsen og Moe blei jo fødde om lag då brørne Grimm gav ut sine eventyrsamlingar. Ein var då inne i romantikken, ein periode der ein såg bakover til mellomalderen, og der ein blant anna prøvde å finne tilbake til dei nasjonale røtene. Dette ligg også i sjølve namnet «romantikk», som kjem via fransk «romance». Det var då ikkje snakk om ein kjærleiksromanse i moderne forstand, men rett og slett om forteljingar på romanske språk, det vil seie på folkespråket. Asbjørnsen og Moe forbind vi kanskje med det ekte norske. Det var også ein del av prosjektet deira. Nasjonalromantikken fall jo saman med tida etter 1814 der ein prøvde å finne tilbake til ein norsk identitet.

Motivet eller misjonen til brørne Grimm var kanskje ikkje så veldig annleis. Men når ein først gjekk tilbake i tid, kunne ein jo ikkje unngå å sjå at tysk, engelsk, nederlandsk og dei nordiske språka har eit felles germansk opphav. Det mange ikkje veit, er at brørne Grimm var med på å leggje grunnlaget for moderne germansk språkvitskap gjennom sitt arbeid. Med tysk «Gründlichkeit» sette dei språkarbeidet sitt i system, og det voks rett og slett fram eit heilt nytt fagfelt med mange arvtakarar.

Med hovudfag i tysk og ei doktoravhandling om gammalnorsk er eg éin av dei som ber fakkelen vidare inn i framtida. Dei gamle eventyra, om dei no er samla inn av brørne Grimm, av Asbjørnsen og Moe eller av andre, gjev framleis inspirasjon til nye generasjonar. Men like spennande er det med sjølve språket. Det er framleis mykje vi ikkje veit om dei germanske språka og om språk generelt.

Når ein høyrer namnet Grimm, tenkjer ein kanskje på adjektivet grim (gammalnorsk: grimmr), som tyder stygg og avskyeleg eller eventuelt bister og morsk. Men det gammalnorske ordet grímr finn ein igjen i fossegrimen, som jo er eit vesen frå folketrua og -eventyra. Kanskje det rett og slett var bestemt at brørne Grim(m) skulle skrive om eventyr og segner? Kanskje dei skreiv om anane sine? Kven veit? Men det kjem sikkert svar og tolkingar frå Hollywood, om ikkje anna.

Utskrift E-post