Karl den store

Karl den store slik Ary Scheffer såg han for seg.Karl den store slik Ary Scheffer såg han for seg.
Karl den store døydde for 1200 år sidan, 28. januar 814. Charlemagne, som han også blir kalla, blir gjerne rekna som grunnleggjaren av Europa.

Karl og Charles representerer den tyske/germanske og den franske varianten av namnet. Sidan ein ofte brukte latin som administrasjonsspråk i det tysk-romerske riket, finn ein også formene Carolus og Karolus.

På gammalnorsk tydde ordet «karl» rett og slett mann. I moderne norsk har ein framleis forma «kar» utan l og den assimilerte forma «kall», men med litt snevrare tyding. Og sjølv om mange gjerne vil tru at ordet «kjerring» har noko å gjere med kjær, er det rett og slett eit avleiing av karl, dvs. karl + ing, som blei til karling, kerling og til slutt til kjerring.

Karl den store var først konge for frankarane. I dag tenkjer ein jo gjerne på Frankrike i samband med ordet fran(s)k. Men det finst også eit område i dagens Tyskland som heiter Franken. Ordet «frank» tydde opphavleg berre fri og refererte til frie stammar (jf. «fri og frank»).

Seinare samla Karl den store det meste av dagens Europa i det tysk-romerske riket. Ordet «tysk» refererte då ikkje til dagens Tyskland, men rett og slett til dei germanske stammane som hadde andre språk enn dei folkegruppene som høyrde til dei romanske språka og andre språk. Ordet «tysk» er avleidd av germansk þjóð, som vi også har i gammalnorsk, og som tyder folk eller nasjon. Det gamle namnet på Sverige (Sveariket) var til dømes Svíþjóð.

Ordet «dutch», som er det engelske ordet for nederlandsk, er sjølvsagt det same som «tysk». Nederlandsk («dutch») og tysk («deutsch») er jo ikkje det same språket i dag, men det er variantar av germanske dialekter eller språk. Opphavleg blei dette omgrepet altså brukt for å referere til område der ein snakka germanske språk i staden for romanske eller andre språk.

«Germansk» kan jo då også vere ein litt uheldig term, sidan ordet «german» på engelsk berre refererer til moderne tysk. Det skal ikkje vere lett.

Karl den store har hatt ein stor påverknad på politikk, kultur, kristendom og språk i Europa. Interessant er også at den europeiske unionen starta rundt den same konstellasjonen med blant anna Tyskland og Frankrike. Enda meir interessant er kanskje at det finst dei, t.d. Heribert Illig, som meiner at Karl den store aldri har eksistert, og at nesten tre hundre år med europeisk historie er dikta opp – historie som historie. Men historia er i alle fall levande, på den eine eller andre måten.

Utskrift E-post