Ordkløyveri


Ordkløyveri eller ordkløyving står forklart i Nynorskordboka som «det å hengje seg i ord utan tanke på vidare meining og samanheng; flisespikking». Men det finst også ein veldig konkret måte å drive ordkløyveri på.

 

 

Studentane mine har blant anna faget morfologi på timeplanen. Morfologi tyder formlære og er også relevant for til dømes biologar og geologar sidan dei òg studerer form og oppbygging til sine studieobjekt.

I språkvitskapleg samanheng studerer ein korleis ord er bygde opp. Sentrale perspektiv er då ordlaging og ordbøying. Det er sjølvsagt viktig for ein norsklærar å kunne forstå og ikkje minst å kunne forklare korleis ord blir laga og bøygde, og korleis ein kategoriserer ord i ulike klasser.

Den enklaste forma for ordkløyveri er å dele ord opp i stavingar. Men allereie på dette nivået vil ein kunne møte på utfordringar. Skal det t.d. vere sta –ving –ar, sta –vin –gar eller stav –ing –ar? Det er her morfologi skil seg frå «klassisk» ordkløyveri. I morfologien prøver ein å finne fram til dei minste tydingsberande elementa i eit ord. Ein kan altså ikkje sjå bort frå meining og samanheng.

Ordet «stavingar» består ikkje berre av tre stavingar; det består av tre meiningsberande einingar eller morfem. Dersom ein prøver å trekkje ut «sta», vil ein få problem. Vi har riktig nok eit ord «sta», men det har ingen ting med «staving» å gjere.

Staving handlar om stavar, altså bokstavar, (eller lydar) som er sette saman. Det er altså «stav» som fortel oss noko om hovudinnhaldet i ordet. Dette ordelementet kallar ein for eit leksikalsk morfem. Ein ville kunne slå opp i ei ordbok (eit leksikon) og finne ut av tydinga til «stav». Samtidig seier vi at «stav» er rota i ordet; det som resten av ordet veks ut frå.
Ordelementet –ing derimot ville ikkje stå for seg sjølv i ei ordbok. Men ein vil kunne finne det i ein grammatikk. Derfor kallar vi det for eit grammatikalsk morfem. Det har ein grammatikalsk funksjon heller enn eit konkret leksikalsk innhald. Oppgåva til –ing er å lage eit nytt ord, ei såkalla avleiing, som viser til ei handling eller eventuelt resultatet av ei handling med utgangspunkt i eit leksikalsk element. Når ein stavar, driv ein med staving, og resultatet av staving kan vere ei staving. På bokmål vil ein kunne skilje mellom staving og stavelse, og –else er då også eit grammatikalsk morfem.

Den siste stavinga i «stavingar» er –ar. Dette er ei bøyingsending eller eit bøyingsmorfem. Det er også grammatikalsk og har som oppgåve å fortelje oss at ordet står i ubestemt form, fleirtal. Norsklæraren og elevane vil kunne sjå at hokjønnsord som endar på –ing, får –ar som fleirtalsending i nynorsk, i motsetnad til den meir regelrette endinga –er, som elles er typisk for hokjønnsord.

Morfologi, ordlære eller formlære er ein viktig del av norskfaget. Ikkje alle har behov for å dykke langt ned i teorien, men alle har behov for grunnleggjande kunnskapar om og ferdigheiter i lesing, skriving og staving – sjølv om det er ei anna form for staving som mange er opptekne av akkurat no i desse OL-tider.

Utskrift E-post