Morsmålsdagen og grunnlova

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. Det finst no så mange ting å feire eller markere. Men korfor har ein ein eigen morsmålsdag? Alle har då vel eit morsmål? Det ligg jo nesten i namnet.

Reint formelt er ikkje morsmålsdagen så veldig gammal. Han har blitt markert sidan 2000. Det er ikkje så veldig mange år når ein tenkjer på at ein har hatt språk og dermed morsmål i tusenvis av generasjonar.

Det historiske utgangspunktet for morsmålsdagen er ei hending i 1952, då ei gruppe studentar i Dhaka (Bangladesh) demonstrerte for retten til å bruke sitt morsmål bengali. Dhaka har ei tusen år lang historie, men blei britisk i 1765. Nokre år før studentdemonstrasjonen blei byen ein del av Aust-Pakistan og blei først sjølvstendig og hovudstad i Bangladesh i 1971.

Språk representerer tenking, identitet, kultur og ofte ein eigen nasjon. Demonstrasjonen i 1952 var ein trussel for dei som sat med makta, og fleire av studentane blei drepne.

Noreg har fleire tusen år med historie å vise til. Ut ifrå eit politisk perspektiv kan ein kanskje gå tilbake til 800-talet, mens ein kan gå tilbake til slutten av siste istid dersom ein vil ta utgangspunkt i busetjinga. Reint språkleg kan ein gjerne diskutere ut frå ulike perspektiv.

Det er vanleg å seie at dei germanske stammane som budde i nordområda, snakka urnordisk, som gjerne blir presentert som eitt språk. Dette urnordiske språket delte seg etter kvart i ulike dialekter. Ein snakkar då gjerne om austnordisk (gammalsvensk og gammaldansk) og vestnordisk (gammalnorsk). Dette skiljet starta for om lag femten hundre år sidan. Men sjølv etter så lang tid vil ein kunne seie at svensk, dansk og norsk i dag lingvistisk sett framleis berre er dialekter av det same nordiske språket. Språk er derimot ikkje berre språk. Språk er også politikk.

I vikingtida var norsk (gammalnorsk) eit ekspansivt språk. I praksis var Noreg ei kolonimakt, og norsk spreidde seg til Island, Færøyane og fleire av dei britiske øyane og det britiske fastlandet. Ein kan gjerne ta med Grønland og Amerika òg, om ein vil. Men så kom svartedauden og politiske unionar, og Noreg mista både makta og språket.

Alle har lært på skolen at Noreg har vore ein politisk del av Danmark i om lag fire hundre år og ein del av Sverige i nesten hundre år. Reint historisk blanda også kristendommen seg inn. Karl den store var kanskje den som introduserte morsmålet i politikken i Europa, mens det var Luther som ville få ut Guds ord på morsmålet.

Sidan Noreg var ein del av Danmark på 1500-talet, kom bibelen berre på dansk og ikkje på norsk, og i den grad norsk var eit eige språk forskjellig frå dansk, blei norsk som morsmål dermed undertrykt i mange hundre år. No var jo ikkje dette like problematisk som i land der dei ulike språka ikkje er gjensidig forståelege. Men for Noreg sin del førde det blant anna også til at dei fleste mista bevisstheita om eit eige norsk språk.

Sidan vi feirar grunnlovsjubileet i år, er dette spesielt interessant. I 1814 prøvde ein å bruke den politiske situasjonen til å endeleg bli ein sjølvstendig nasjon igjen. Dei filosofiske strøymingane (nasjonalromantikken) på den tida argumenterte for at ein nasjon blant anna blei definert gjennom eit felles språk. Dette viste seg å vere litt problematisk for Noreg sin del.

I grunnlova stod det i byrjinga berre om «Landets Sprog» («Til Embeder i Staten maa alene udnævnes de norske Borgere, Mænd eller Kvinder, som tale Landets Sprog»). Som vi alle veit, er grunnlova skriven på dansk, sidan det ikkje lenger fanst noko ein kunne kalle eit normert, norsk språk. Det var først når ein skjønte at ein måtte markere avstand til Sverige og svensk, at ein byrja å snakke om norsk språk – som likevel framleis var dansk.

Det kan vere ein tanke å markere morsmålsdagen i Noreg i samband med grunnlovsjubileet. 1814 er på mange måtar ein offisiell start på å ta tilbake morsmålet. Det er sjølvsagt svært interessant at det tok nesten hundre år før ein kunne snakke om offisielt, normert norsk språk, og til alt overmål kom det då i to variantar, landsmål og riksmål. Det er òg svært interessant at så mange føretrekte å halde på det danske «morsmålet» med berre små endringar. Men her må ein tenkje politikk og psykologi, og det tek mange avhandlingar å diskutere dette.

Det overordna politiske målet med den internasjonale morsmålsdagen er å gjere oss meir bevisste på språkleg mangfald og fleirspråklegheit. Ein kan ikkje understreke nok kor viktig morsmålet er for den enkelte språkbrukaren, og at fleirspråklege samfunn har eit ansvar for å ta vare på dei ulike språkgruppene.

Det har vore mange demonstrasjonar om bokmål versus nynorsk (eller dansk versus norsk) i Noreg dei siste to hundre åra. Heldigvis har dei ikkje enda like dramatisk som demonstrasjonen i Dhaka i 1952. Tonen mellom debattantane kan mange gonger likevel vere nok så hard og uvennleg, for ikkje å seie fiendsleg.

For dei som ikkje berre tenkjer på norsk som norsk, uavhengig av målform, men som ser på bokmål og nynorsk som sine respektive morsmål, kan morsmålsdagen kanskje vere ein ekstra grunn til å feire. Vi er no heldige som har begge variantane av norsk offisielt godkjende som morsmål – eller som ein del av morsmålet norsk.

For dei av oss som representerer minoriteten innanfor norsk skriftspråk, det vil seie nynorskbrukarane, kan morsmålsdagen vere ei ekstra påminning om kor viktig det er å arbeide for nynorsken sin plass i storsamfunnet – og for ei nynorsk utgåve av grunnlova. Grunnlova bør jo trass alt vere skriven på morsmålet.

Utskrift E-post