Jamvekt og overvekt

Foto: Da4Sal/Flickr/CC BY 2.0-lisensFoto: Da4Sal/Flickr/CC BY 2.0-lisens

Fleire og fleire er opptekne av å halde jamn vekt, mens det kanskje er stadig færre som har jamvekt.

I språkvitskapen snakkar ein gjerne om «jamvektlova». Dette høyrest kanskje veldig alvorleg ut, men ein får ikkje akkurat problem med politiet om ein bryt denne lova. Det dreier seg berre om ein språkleg regel som først og fremst gjeld austnorske dialekter og trøndsk, med nokon utstikkarar nordover og vestover.

Jamvektlova resulterer blant anna i det vi kallar «kløyvd infinitiv». Det er nok fleire som har høyrt om dette fenomenet. «Kløyvd» tyder i dette tilfellet det same som «spalta» eller «delt i to». Infinitivar er dei verbformene som er ubøygde, og som kan stå etter infinitivsmerket (subjunksjonen) «å»: å lese, å skrive, å gjere, å køyre.

I bokmål, altså i skriftspråket, endar alle infinitivar på –e. I nynorsk finst det ein del valfridom når det gjeld infinitivsendinga. Infinitiven kan anten ende på –a, på –e, eller ein kan bruke kløyvd infinitiv, det vil seie både –a og –e, men etter visse reglar. Bokmål hadde også kløyvd infinitiv fram til 2005, men den moglegheita er fjerna no.

I gammalnorsk enda alle infinitivane i utgangspunktet på –a, akkurat som dei framleis gjer i svensk. Men «klassisk» gammalnorsk endra seg og blei splitta i fleire og fleire dialekter, blant anna fordi vokalar i trykklette stavingar kunne bli reduserte til ein e-lyd. Sidan infinitivane enda på –a, kunne dei altså etter kvart ende på –e.

I norske dialekter skil ein i dag først og fremst mellom sørlandsk med e-infinitiv, sørvestlandsk og vestlandsk frå Rogaland og nordover med a-infinitiv, og så kjem e-infinitiven tilbake og går heilt opp til Finnmark. Austlandet og Trøndelag, inkl. Nord-Møre har kløyvd infinitiv. Dette tyder at nokre dialekter heldt på den gamle a-endinga, mens andre dialekter fekk ei svekking til –e i alle formene, mens altså austnorske dialekter og trøndsk fekk ei deling.

Grunnen til dette er å finne i dei gammalnorske stavingane. Det viser seg då at ord med kort vokal og kort konsonant føre endingsvokalen hadde meir eller mindre same vektfordeling (jamvekt) i stavinga, mens alle andre lydkombinasjonar resulterte i overvekt. Det var då berre orda med overvekt som fekk redusert endingsvokalen til –e, mens jamvektsorda heldt på a-en. Derfor skil ein mellom verbformer som gjera, vera, lesa, tala med a-endingar og køyre, elske, skrive, snakke med e-endingar. Det er dette vi kallar kløyvd infinitiv, og regelen som forklarer fordelinga av a- og e-endingar, kallar vi for jamvektslova.

No blir ein verken slankare eller tjukkare av å vite om jamvektlova. Men det er kanskje litt «kult» å kunne forklare korfor ein har kløyvd infinitiv i austnorsk og trøndsk. Og den som skjønner at dette er ein fonologisk regel (lydregel), vil kanskje lettare halde på dialekta i staden for å tru at det er skriftspråket som alltid «har rett».

UtskriftE-post