Jantelova for forskarar

Kjem det nokon og fortel meg at eg ikkje er i stand til å skrive korrekt, ja, då blir det krig!

 

Dei fleste av oss registrerer at det kjem nye forskingsrapportar om både det eine og det andre. Noko føler vi er relevant for oss, mens det òg blir skrive og produsert mykje der vi lurer på kven som kunne ha interesse av det. Eg personleg har gjort meg «skyldig» i ein murstein av ei doktoravhandling om setningsstrukturen i gammalnorsk, og det hender eg får undrande – eller også spottande – kommentarar om kven som skulle vere interessert i å lese om gammalnorsk.

Gammalnorsk er fjernt for dei fleste i dag. Det er ikkje noko ein tenkjer på, og ein reflekterer ikkje over om eller i kva grad kunnskap om gammalnorsk har noko å seie for kunnskapen om moderne norsk. Hadde eg påstått at den eller den skrivaren i mellomalderen ikkje skreiv korrekt, hadde det ikkje vore mange som hadde brydd seg om det. Hadde eg meint at heile det norske mellomaldersamfunnet var ein nasjon av analfabetar – eller eventuelt ein nasjon av dyslektikarar og fulle sjømenn, hadde det nok heller ikkje hatt så store konsekvensar. Det kan godt hende at nokon hadde reagert om eg hadde brukt dyslektikarar og sjømenn som ein gruppereferanse, men mest truleg ville ingen ha oppdaga det fordi svært få ville ha lese ein artikkel om gammalnorsk. Men sannsynlegvis ville ein heller ikkje ha brydd seg så mykje om det fordi det gjaldt menneske for mange hundre år sidan.

Det er ikkje så «farleg» med det som anten er fagleg fjernt, eller som skjer så langt unna at det ikkje påverkar meg direkte. Klimakatastrofen kan eg leve med – og tvile på – så lenge det er mest katastrofe i andre land og ikkje ute i min eigen hage. Rapportar om helseproblem på bakgrunn av matvanar, røykevanar eller manglande fysisk aktivitet kan eg velje å sjå bort ifrå, så lenge som eg klarer å innbille meg at det berre gjeld alle andre enn meg, eller at eg kan prøve å ta omsyn til det når det kanskje blir min tur ein gong i ei fjern framtid. Men kjem det nokon og fortel meg at eg ikkje er i stand til å skrive korrekt, ja, då blir det krig!

Eg skriv kvar einaste dag. Det er noko eg kan! Det er noko eg har gjort i mange, mange år, og det har fungert – for meg i alle fall. Det har ikkje skjedd så mange gonger at nokon har kommentert eventuelle feil heller. Då må det jo vere riktig! Dessutan er eg ein vaksen person og gjer som eg vil.

Så, du seier at du har observert mine skrivevanar? Og så er du eigentleg utlending? Ikkje tru du er noko! Tru i alle fall ikkje at du like mykje verd som oss! Ikkje tru du er klokare enn oss! Og betre enn oss er du i alle fall ikkje! Ikkje veit du meir enn oss heller! Ikkje tru du er meir enn oss! Dessutan må du ikkje tru at du duger til noko! Ikkje le av oss! Og ikkje tru at nokon bryr seg om deg!

No tenkjer eg vi har sett deg på plass. Det var godt med ei lita utblåsing. Og, tenk, så mykje støtte eg fekk på sosiale medium. Nei, du må ikkje komme her og fortelje meg at du veit noko om meg – eller oss. Så no skal eg gå tilbake til kvardagen og halde fram som før. Eg skal i alle fall ikkje byrje å slå opp i noka ordbok. Dessutan har eg ikkje tid til det heller. Det må da vere måte på!

Eller? Har eg litt dårleg samvit? Er det kanskje noko i det? Nei… Det er jo ikkje eingong ekte forsking! Det er jo berre synsing frå ein utanlandsk bloggar. Men eg kan jo kanskje ønskje meg ei ordbok til jul? Berre for sikkerheits skyld. Eg har da litt rom for store tankar, eg òg.

UtskriftE-post