Gunaratnam har forstått det

I denne ungdomsskuleklassen ved Holmlia skole, vart det gjennomført undervisingsopplegg med bruk av nynorske lærebøker i faget KRL i 2005-2008. Foto: Snöball FilmI denne ungdomsskuleklassen ved Holmlia skole, vart det gjennomført undervisingsopplegg med bruk av nynorske lærebøker i faget KRL i 2005-2008. Foto: Snöball Film

Målet med norskfaget i skulen er å gi best mogleg opplæring i norsk. Kva elles?

 

Talet på emne og arbeidsmåtar i faget kan diskuterast, men ikkje grunnlaget: «Norsk» er skriftspråka nynorsk og bokmål og mange munnlege dialektar. Dessutan: Læreplanen i morsmålsfaget skal vere den same over heile landet, anten ein bur i sør eller nord, aust eller vest. Det er også sjølvsagt.

Alt dette ser nestleiar Khamshajiny Gunaratnam i Oslo Arbeidarparti ut til å ha forstått. I motsetnad til nokre av partifellene frå hovudstaden, som tidlegare i haust har gjort framlegg om å redusere sidemålsopplæringa til eit uforpliktande minimum. I eit intervju i Aftenposten denne veka seier Gunaratnam at ho ser på debatten om talet på karakterar i norskfaget som ei avsporing, og at ho heller vil drøfte innhaldet i norskfaget.

Oslopolitikaren vil også ha «halve pensumet på nynorsk», ifølgje tittelen i avisoppslaget. Poenget med det er at elevar med bokmål som opplæringsmål skal bli meir vane med å sjå og lese den mindre brukte norskvarianten nynorsk. Slike forsøk med nynorske lærebøker har blitt gjennomført mange stader dei siste åra – med svært positivt resultat. Det har gitt både meir variert språkleg repertoar og auka metakunnskap om eige hovudmål. I tillegg tyder tilbakemeldingane frå desse forsøka på at det er god vaksine mot fordommar, som igjen er bygde på kunnskapsløyse.

Her kan det høve å referere Aftenposten-journalisten sine kritiske spørsmål i den før nemnde reportasjen, truleg på vegner av mange skuleelevar: «Hva med å avvikle det [nynorsk i norskfaget] helt?» og «Man skal ikke bare droppe hele nynorsken da»? 

Når ein drøftar innhaldet i norskfaget i skulen, må ein ta utgangspunkt i offisiell norsk språkpolitikk. Grunnlaget der er at norsk finst i to offisielle variantar: Nynorsk og bokmål. Slik har det vore i 130 år, og det er brei politisk semje om at dei to målformene framleis skal ha status som formelt likeverdige nasjonalspråk. Dette er nedfelt i lovverk, reglement, læreplanar og stortingsmeldingar. Det kan sjølvsagt endrast ved politiske vedtak i framtida, men det skjer neppe over natta med argumentet om at skuleelevar i Oslo ikkje «ser vitsen».

Det doble skriftspråklege normsettet i Noreg har skapt mykje strid og kiv opp gjennom åra, men det har også gitt nordmenn eit aktivt og engasjert forhold både til eige skriftspråk og til dei mange variantane av munnleg norsk. Pluss ein rik og variert litteratur. Alt i alt er det eit reknestykke som går i pluss med god margin.

Opplæringa i sidemål bør difor ikkje vere er eit problem. Det er ein ressurs.

Utskrift E-post