Fonetisk bytur

Høgskolen i Hedmark samla nettopp lærarar og forskarar frå mange europeiske land til ein konferanse om nettbasert læring og morgondagens undervisning. Eg valde då å ta deltakarane med på ein annleis bytur.

 

Eitt av arrangementa i samband med konferansen var ein tur til Stortorget og kulturhuset på Hamar. På det engelske programmet stod det «city tour», noko som vi på norsk kunne ha kalla «bytur». Det faglege føredraget mitt på konferansen handla om at fleire og fleire store utdanningsinstitusjonar legg ut undervisninga på nett. Det vil seie at ein gjer kursinnhaldet tilgjengeleg, mens det som studentane får av utdanningsinstitusjonen, først og fremst er rettleiing knytt til førelesingane – i den grad ein føler behov for det.

Denne måten å organisere kurs på frigjer ressursar og gjer det mogleg å utdanne mange fleire studentar. Det kan då nemnast at det som regel også er ein del fråfall på slike kurs, nettopp på grunn av den manglande sosiale dimensjonen ved nettbasert læring.

Eg har drive med nettbasert undervisning i lang tid, og det finst mange positive sider ved denne undervisningsforma. Men det er ikkje alle fag som eignar seg like godt som reine nettbaserte kurs utan personleg rettleiing.

Mange har kanskje prøvd språkkurs på kassett, CD eller via Internett. Det fungerer eigentleg ganske bra til ein viss grad. Ein kan lese, lytte, sjå bilete og film og til og med gjere eigne opptak i dag, men kva skal ein gjere dersom ein ikkje høyrer dei lydane som faktisk blir uttalte?

Eg introduserte ordet «bytur» for dei europeiske konferansedeltakarane, og min påstand var at ingen av dei ville klare å uttale ordet riktig, bortsett frå dei norske deltakarane. Nokon ville kanskje kunne uttale u-en, men ingen ville få til y-en.

Dette var først ei stor overrasking – til og med for dei som var norske , som ikkje hadde vore bevisste på dette problemet, og det førde til mange artige lydar og andletsvridingar i auditoriet. Temaet var så spennande at deltakarane diskuterte lydar og læring til langt ut på natta etter konferansemiddagen.

Kva er så poenget med dette? Poenget er at det ikkje alltid er nok å ha all informasjonen liggjande framfor seg. Det er ikkje nok å ha Internett. Det er ikkje nok at all kunnskapen ligg der og ventar. Ein må også vere bevisst på kva som er relevant, og kva ein faktisk ikkje kan. Tysktalande vil til dømes som regel aldri oppdage, dvs. høyre, at dei ikkje uttaler y-en korrekt, dersom dei ikkje blir gjort merksame på at y-en er ein lyd som ikkje finst i tysk. Derfor vil ein heller ikkje gjere ein innsats for å lære den nye lyden, og ein stagnerer i læringa.

Dette er éin av mange grunnar til at vi treng lærarar. Læraren er den som kan gjere deg bevisst på at du kan mindre enn du trur, og som kan hjelpe deg å fylle kunnskapsholet. Lita tue kan velte stort lass, og ein liten y kan få oss til å skjønne at norsk skil seg frå mange andre språk. No har du kanskje fått inspirasjon til ein ny selskapsleik neste gong du har besøk frå utlandet?

UtskriftE-post