Språk og følelsar

Kjenn etter! Du er sikkert litt irritert på a-en eg bruker i fleirtalsendinga på «følelsar». Huff, denne nynorsken! Det går jo ikkje an å forstå dette grautmålet! Men er det no så veldig mykje vanskelegare å lese og skjønne –ar i staden for –er?

 

Sjølve ordet «følelse» kan vere likt på bokmål og nynorsk, men så er det altså fleirtalsendinga som gjer at nokon reagerer på ordet – i skrift. Ja, det er skriftforma mange reagerer på, og ikkje ulike talemålsformer. Mange stader har ein jo faktisk dialektforma «følelsa», og då er det ikkje a-en som avvik, men r-en, som finst i både bokmål og nynorsk for å markere fleirtal.

I bokmål har ein først og fremst to måtar å markere fleirtal på substantiv på: anten har ein –er, som ein kan bruke på dei fleste substantiva, eller så har ein inga ending, som t.d. i «fleire hus». I nynorsk har ein tre måtar å markere fleirtal på ved hjelp av endingar, og det er –ar, –er eller inga ending. Så det er éi ending som avvik frå bokmål, og forskjellen er éin vokal. Når ein kjenner sjølve substantivet i eintal, veit ein at fleirtal kan uttrykkjast på tre måtar i form av endingar (eller manglande ending), og sjølve endinga tyder ingenting anna enn «fleirtal» (og eventuelt kva kjønn ordet har). Så kva er det då ein ikkje forstår? Kva er det som er så vanskeleg?

Det som står i vegen for forståinga, er ikkje sjølve språket eller skrifta. Det er følelsane. Det er haldningane. Det er vanane.

I bokmål kan ein skrive både «boka» og «boken». Ein har altså to ulike måtar for å markere bestemt form eintal på det same substantivet. Det finst dei som meiner a-endinga i «boka» er «stygg». Men dette har igjen å gjere med vanar, haldningar og subjektive oppfatningar. Endinga –a eller –en markerer ordet for bestemt form. Sjølve endinga tyder ingenting i seg sjølv og gjer det heller ikkje vanskelegare å forstå tydinga til sjølve ordet. Men det finst dei som har vent seg til «boken» og «melken» og andre ord, som tradisjonelt har vore hokjønnsord i norsk, men som via dansketida òg har etablert seg som hankjønnsformer eller såkalla felleskjønnformer. Det finst dei som går på barrikadane for at det må heite «Majorstuen» i staden for «Majorstua». Men er det snakk om at ein ikkje forstår orda? Nei. Det er snakk om følelsar og haldningar til ord- og skriftformer.

På bokmål kan ein elles velje mellom å skrive «melk» eller «mjølk». Den siste forma er ikkje så mykje utbreidd i bokmål, sjølv om ho er godt etablert i mange talemål. Ein kunne vel kanskje bli mistenkt for å sympatisere med nynorsk; eller ein meiner at denne forma ikkje passar i skrift. Kven eller kva er det som bestemmer kva for ord du meiner du sjølv kan bruke i skrift?

Som bokmålsbrukar må du vurdere om du vil skrive «Jeg kastet søppelet» eller «Jeg kasta søppelet». I tillegg må du faktisk ta stilling til om du vil skrive «søppelet/søplet», «søppelen» eller «søpla». Og det er ikkje sikkert at du vil bruke den same endinga som du bruker i talemålet ditt – fordi du trur at talemålet ditt ikkje er bra nok i skrift. Men det er akkurat same søpla det er snakk om, uansett om ein bruker hankjønns-, hokjønns- eller inkjekjønnsendinga på den bestemte forma av ordet.

Har du følelsar for språket ditt? Eller har du kanskje kjensler? Det finst dei som meiner at «følelse» er bokmål, mens «kjensle» er nynorsk. Men begge orda er faktisk tillatne former i begge skriftspråka – og norsk språk er faktisk alle talemåla og begge skriftspråka. På mange måtar kan ein seie at både bokmål og nynorsk etter mange reformer i dag er samnorskvariantar. Men «samnorsk» er jo eit anna «stygt» ord for mange.

Det er ofte berre meiningar og haldningar som står i vegen for kva vi «føler» eller «kjenner» for ulike ord. Det er viktig å ha språkfølelse, men ikkje la følelsane stå i vegen for språket og kommunikasjonen.

UtskriftE-post