Valkamp på nettet

LEIAR: Det ser ut som om det er skapt ein ny trend i valkampen til stortingsvalet 2009.

Valkampen er flytta over til nettet og dei sosiale media. Det er på blogg, Facebook og Twitter ein skal vinne veljarane. Men fungerer det? Kva meiner eigentleg veljarane?

Ei kartlegging Synovate har laga for NRK, viser at 95 prosent av dei spurde fylgjer med på valkampen. Men kva media vel dei? Dei fleste er ikkje i tvil. 80 prosent av dei spurde seier nemleg at dei finn den mest relevante informasjonen på tv. Tre prosent svarer derimot at dei finn den mest relevante informasjonen på kanalar som Facebook.

Tre prosent er ikkje mykje. Likevel har mange politikarar klokkartru på å blogge og kvitre til seg fleire veljarar. Ein av dei er kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell (SV).

– Sosiale medium gjer det ikkje minst enklare å samtale, å treffe mange menneske og å utsetje seg for spørsmål frå dei. Facebook og Twitter er først og fremst stader der det vert lettare for oss å treffe kvarandre, har han tidlegare uttalt.

Han kan ha rett i det. Men truleg vert desse digitale møteplassane mest av alt ein arena for nettverksbygging inne i det politiske miljøet. Dei som er opptekne av at politikarane er på nett, er i stor grad dei som sjølve er meiningsberande i samfunnet. Det er ikkje folk flest.

Og midt i den rosenraude trua på nettet finn ein dei som ikkje meiner ein vinn veljarane på Twitter.

– Desse arenaene fungerer best som utveksling av rask informasjon og til nettverksbygging. Ikkje til å vinne valet med, slår professor Kjell Lars Berge fast.

Veljarane har talt. Kanskje er det ikkje på Twitter valet skal vinnast likevel?

 

UtskriftE-post