Godt språk er god omdømmebygging

LEIAR: Tidlegare fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) lanserte nyleg eit språkleg krafttak for å få eit betre språk i det offentlege. Prosjektet Klart språk i staten skal gi oss innbyggjarane enklare og meir forståeleg informasjon i møtet med det offentlege. Blant anna viste Grande Røys til at ein av tre hadde problem med å fylle ut offentlege skjema. Det må kunne kallast ei stor samfunnsutfordring.

Og Grande Røys har heilt rett. Språk er viktig i all kommunikasjon, og det offentlege har eit særleg ansvar for å kommunisere med sine brukarar. Eit vanskeleg språk kan skape problem for mange med å orientere seg i samfunnet. Eit dårleg språk skaper også unødvendig stor avstand mellom det offentlege og folk flest.

Dette gjeld også kommunane.

Jan Olav Fretland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner rådmenn og økonomisjefar burde spørje seg sjølv om dei ville sagt det dei skriv, over hagegjerdet til naboen.
– Kan dei ikkje det, bør dei byrje på nytt, slår han fast.

Språk handlar om truverd, kommunikasjon og identitet. Kommunale administrasjonar bør streve etter å skrive eit så godt, korrekt og klårt språk dei kan. Det gir tillit hjå innbyggjarane, og det gir kommunen eit godt ansikt overfor omverda. Eit godt språk er også god omdømmebygging.

Trass i at mange kommunar er opptekne av eigen språkbruk, trengs det truleg også her eit krafttak for å auke den språklege kompetansen. Kanskje spesielt i nynorskkommunar, der mange av dei tilsette ikkje nyttar nynorsk i utgangspunktet?  

LNK og Høgskulen i Sogn og Fjordane står bak eitt av fleire tilbod om nynorskkurs for tilsette i kommunane. Eit krafttak kan vere dersom kommunen tilbyr sine tilsette eit kurs for å betre språket i organisasjonen. Det er truleg ein kostnad ein til slutt vil tene på, også økonomisk.

 

UtskriftE-post