Sårbare studentar

LEIAR: På Universitetet i Oslo er det berre 2,5 prosent av studentane som ynskjer nynorsk som studiespråk. Berre 2 prosent av masterstudentane leverer oppgåva si på nynorsk. Til samanlikning er det 7 prosent som leverer masteroppgåva si på nynorsk i Bergen.

Marianne Granheim Trøyfløyt, som er journalist i studentavisa ved Universitetet i Oslo, Universitas, stilte tidlegare i år spørsmålet om ikkje Oslo burde vere ein like tilgjengeleg studiestad anten du kom frå Røa eller Røros. Det er eit godt spørsmål. Framleis kjem historiene om at nynorskbrukande studentar vert rådde frå å levere eksamens- og masteroppgåver på nynorsk. Ofte er forklaringa at det medfører så mykje meir arbeid for dei som skal lage eksamensoppgåvene. I andre situasjonar vert det nytta ein så dårleg nynorsk på eksamensoppgåvene at dei er vanskelege å forstå, eller at eksamensvaktene får for dårleg opplæring i dei språklege rettane til studentane.

Det kan godt hende studiedirektør ved Universitetet i Oslo, Monica Bakken, har rett når ho seier det er blitt færre av desse historiene dei siste åra. Men det skjer framleis. Og i følgje Studentmållaget i Oslo er det lite som endrar seg. Framleis tek fleire studentar kontakt med dei for å vite kva rettar dei har når det gjeld nynorsk, og for å klage på at dei ikkje har fått eksamensoppgåvene sine på nynorsk.

Mange studentar er sårbare når dei kjem frå vidaregåande skule og skal byrje på eit universitet. Dersom ein får ei kjensle av at nynorsk berre er til bry, kan det vere lett å skifte over til bokmål. Universiteta må leggje ned eit strategisk arbeid for at nynorskstudentane skal bli stolte og halde på språket sitt. Då vil også prosentdelen av dei som ynskjer nynorsk som studiespråk, auke, og ein vil truleg få meir nynorsk på pensumlistene.

– Det er ingen motstand mot nynorsk ved Universitetet i Oslo, seier Monica Bakken til LNK-avisa. Me håpar det er korrekt og at ein derimot ynskjer å styrke nynorsken sin ståstad ved studiestaden.

Utskrift E-post