Invester i språket

LEIAR: På Voss står bokmål og vossamål på læreplanen for innvandrarane. Læraren deira, Odrun Vellene Vevatne, skulle så gjerne ha undervist i nynorsk, men det har ho ikkje læreverk til.

Eg får kjensla av at nynorsk ikkje står særleg høgt i kurs, seier ho til LNK-avisa.

Men kvifor skal det vere slik? Kvifor er det ikkje like naturleg å undervise innvandrarar i nynorsk som i bokmål?

Det er mange spørsmål som etter kvart krev eit svar. Me hugsar også Anne Margrethe Eidhammer frå Vindafjord, som tidlegare i år samla underskrifter frå 50 ordførarar. Underskriftene vart samla i eit opprop for å få nynorsk materiell på plass også for innvandrarar. Underskriftene vart sende over til Kunnskapsdepartementet og deretter vidare til Barne- og likestillingsdepartementet.

Me håpar underskriftene no er komne i det rette departementet, og at kampanjen får eit resultat. Det er heilt naudsynt at departementet løyver meir midlar til forlaga slik at dei kan gi ut lærebøker både på bokmål og på nynorsk.

Midt oppe i alt dette skjer det positive ting. Det er gledeleg å sjå at Vox i samarbeid med LNK no er i ferd med å få plass eit fullstendig læreverk i norsk for innvandrarar på nynorsk. Men det må ikkje stoppe her. Innvandrarane i nynorskkommuane treng så mykje meir, til dømes ordbøker på begge målformer. Det har dei ikkje i dag.

– Noko som gjer at elevane blir svært avhengige av meg, slår Vevatne fast til LNK-avisa.

Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken meiner også at det nynorske læreverket for opplæring av framandspråklege er mangelfullt. Likevel vil han ikkje love noko om kor lenge Voss og andre nynorskkommunar må vente på nynorsk materiell.

Som så mange gonger før blir økonomi trekt fram som ei forklaring på at det er lite nynorsk materiell på marknaden. Me håpar departementet no ser at ei investering i nynorsk læreverk for opplæring av framandspråklege også er ei investering i betre integrering.

 

Når ein forstår språket, er det lettare å bli ein del av lokalsamfunnet, få seg jobb og klare å fylgje opp barna på skulen. Også dette forklaringar som er brukt mange gonger før.

 

UtskriftE-post