På friarferd

LEIAR: Kommunesamanslåing er eit heitt tema for tida. Dei fleste ordførarar kjenner dilemmaet på kroppen, skal dei fri til nabokommunen, eller vil dei klare seg best åleine? Og skal ein fri, kven skal ein i grunn fri til?

Ingen er i tvil om at kommunane vil møte store utfordringar i åra framover, ikkje minst vil den forventa samhandlingsreforma setje store krav til fagmiljø og tenestenivå i kommunane. I tillegg møter kommunane klassiske utfordringar i eit ofte synkande folketal og ein kamp for å få tak i kvalifisert arbeidskraft innan mange fagfelt.

Det blir sagt at dersom ein kommune skal få noko ut av den planlagde samhandlingsreforma, som vil krevje ei opprusting av kommunehelsetenesta, bør kommunen ha mellom 20.000 og 25.000 innbyggarar. Dersom ein skal oppnå dette vil det naturlegvis føre til ei betydeleg redusering i talet på kommunar.

– Eg trur tida er overmoden for å gjere noko med kommunestrukturen, seier ordførar i Nord – Fron, Tove Haugli til LNK-avisa.

Ho har truleg eit poeng. Men skal ei eventuell kommunesamanslåing gjennomførast frivillig, eller er det naudsynt med tvang? I eit ideelt samfunn burde slike prosessar vere baserte på kva kommunane sjølve, og grasrota, ynskte. Likevel kan ein undre seg på kor mange kommunesamanslåingar ein vil få dersom ein utelukkande skal basere seg på frivillige frieri. Det er gjennomført fire frivillige kommunesamanslåingar sidan 2002. Det er ikkje mange.

Uansett bør innbyggarane stå i sentrum når ein vurderer eventuelle samanslåingar. Det er dei det handlar om. Innbyggarane er ikkje så interesserte i kven som får posisjonane i dei nye kommunane, dei er derimot interesserte i om dei får eit godt tenestetilbod, om dei får behalde grendeskulen i bygda, og om dei er sikra barnehageplass.

Så er spørsmålet: er det den store eller den vesle kommunen som sikrar innbyggarane sine behov på den beste måten?

 

Utskrift E-post