Makt og motmakt

LEIAR: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har brukt våren til å reise rundt for å snakke om maktkonsentrasjon og motmakt. Då møteserien kom til operabygget i Bjørvika, fatta til og med rikspressa interesse for saka, og då var det gjort. Debatten segla opp som ein Oslo-mot-resten-debatt, og Navarsete fekk erkjenne at det ligg mykje kjensler i eit ordskifte om makt.

Men kva handlar eigentleg dette om? Kommentator og skribent Audhild Gregoriusdotter Rotevatn seier til LNK-avisa at det handlar om demokrati. Og det har ho truleg rett i. Diskusjonen om kor makta bør liggje, og kor den ligg i dag, handlar nemleg om kven som blir høyrt og sett i samfunnet vårt. Skal ein oppnå utvikling og mangfald i det demokratiske samfunnet, må ein også fordele makt. Ikkje berre til ulike grupper, men også geografisk. All makt kan ikkje liggje rundt Oslofjorden.

Det betyr at næringslivet, media og dei tunge samfunnsaktørane ikkje alle kan ha adresse Oslo. Klarer me å skape ei maktfordeling innan dei viktigaste samfunnsområda, vil ein òg truleg få til ein større vekst i dei andre byregionane i landet. Og det treng me. Men det betyr at nokon må ofre noko.

Fleire i hovudstaden har tatt debatten som kritikk og meiner Navarsete er i mot Oslo. Det blir for enkelt. Me er tente med eit senter og ein sterk hovudstad, men det skal ikkje stå i motsetnad til det å ta i bruk heile landet. Truleg kan ein få til begge deler. Og truleg er det nett det Liv Signe Navarsete prøver på.

Så kan ein spørje seg om debatten kanskje burde ha blitt lagt opp på ein annan måte for å unngå at det vart ein debatt mellom Oslo og resten av landet. Kommunalministeren skal likevel ha ros for å setje søkjelyset på utfordringa og for å våge å stille spørsmålet.

UtskriftE-post