Kommunen på Facebook

LEIAR: Ei fersk kartlegging viser at berre éin av fire kommunar brukar sosiale medium, slik som Facebook og Twitter. Prosjektleiar for sosiale medium i Synlighet.no er ikkje overraska, og seier til LNK-avisa at han har stor forståing for at ikkje alle kommunar har fått sett seg inn i korleis dei skal bruke desse nye kommunikasjonsverktøya. Samstundes veit me at mange, og særleg dei unge, sjekkar Facebook-profilen sin fleire gonger om dagen. For mange har det blitt ein naturleg del av kvardagen.

Dei fleste kommunane har mykje informasjon som skal ut til innbyggjarane, og dei ynskjer å høyre kva dei som bur i kommunen meiner. Men det er ikkje alltid like lett å finne den informasjonen som kommunen ynskjer å spreie. Når startar skulen? Kva er opningstidene til biblioteket? Er det ledige plassar i kulturskulen?

Og skulle du irritere deg over vassavgifta eller skulesamanslåingar, kan terskelen for å skrive eit lesarbrev i lokalavisa eller ta ein telefon til ordføraren vere vel høg. Då kunne det kanskje vore greiare å snakke direkte med kommunen på ein arena der fleire kan kaste seg inn i debatten?

Kommunale nettsider har ein tendens til å vere både byråkratiske og vanskelege å orientere seg i. Og for ein nettbrukar som er van med å klikke seg raskt gjennom Facebook-sider og Twitter-kontoar på leit etter siste nytt, kan det vere ei nesten umogleg oppgåve å søkje etter opplysningar på ei kommunal nettside.

Men for all del: ikkje alle er, eller skal vere, på Facebook og Twitter. Difor vil informasjon på kommunale nettsider og ikkje minst annonsering i lokalavisene framleis ha ein misjon.

Kanskje kommunane må våge å kaste seg inn i dei sosiale mediuma dersom dei skal klare å kommunisere med nye aldersgrupper eller freiste ein ungdom eller to heim att. Kanskje kan det også auke engasjementet i kommunen? Ja, kanskje til og med valdeltakinga?

Utskrift E-post