Må krevje nynorsk

LEIAR: Berre to av åtte regionale og landsdekkjande medium brukar nynorsk i sportssaker, slår LNK-avisa fast i denne utgåva. Redaksjonen har lese sportssaker i seks tilfeldig valde papiraviser frå kvar redaksjon i perioden 23. august til 13. oktober for å kartleggje nynorskprosenten. Og ein treng ikkje vere overraska over resultatet; det er ingen løyndom at det er lite sportsjournalistikk på nynorsk i dette landet.

At lokalaviser bruker dekningsområdet til å forsvare ei redaksjonell linje på bokmål, er greitt nok. Men når regionaviser og landsdekkjande aviser, der delar av dekningsområdet brukar nynorsk, nyttar same argumentet, blir det feil. Til dømes VG og Dagbladet må ta på alvor at landet er tospråkleg, og at dei dermed har ein stor lesarskare som sjølv nyttar nynorsk. Desse lesarane fortener å lese nynorske sportssaker også i VG og Dagbladet.

Denne debatten er gammal, likevel ser me ikkje dei store endringane hjå dei større redaksjonane i hovudstaden. VG-redaktør Bernt Olufsen seier til LNK-avisa at språket er ein så viktig del av avisa sin identitet at det ikkje bør vere gjenstand for kvotering. Kva om ein snur litt på dette og seier at språk er så viktig at også nynorskbrukarane fortener å lese sitt eige språk i VG?

I regionavisene som opnar opp for nynorsk, handlar den låge nynorskprosenten om andre ting. Her handlar der derimot om at få lesarar krev nynorsk, og at få journalistar krev å skrive nynorsk.

Vil me ha fleire sportssaker på nynorsk, må me altså engasjere oss. Me må krevje å få lese meir nynorsk, og nynorskjournalistane må krevje å få lov til å nytte språket sitt.

Då kan me kanskje sjå ei utvikling i denne debatten.

Utskrift E-post