Vil du bli politikar?

LEIAR: Korleis skal ein engasjere ungdom politisk? Spørsmålet er i vinden og fleire aktørar er på banen for å finne svaret. Medan LLA har sitt valprosjekt Ung og Engasjert, står mellom andre Garborgsenteret bak prosjektet Mot til å meina. Felles for prosjekta er ideen om å skape politisk engasjement blant unge, målet er fleire unge på listene ved neste lokalaval, og fleire unge som ynskjer å bruke røysteretten sin.

– Me må vera villige til å gi ungdommen makt for å skapa og vedlikehalda politisk interesse. Diverre er me ofte meir interessert i å læra ungdommane opp i det politiske spelet, framfor å gi dei makt, kommenterer Frank H. Aarebrot ABC Nyheter tidlegare i år.

Men kva er eigentleg politikk? Er det berre vanskelege ord og tunge bunker med dokument? Handlar ikkje politikk også om ungdommane sin kvardag?

Ei klok stemme sa ein gong at alt er politikk. – Politikk er kjedeleg, seier mange ungdommar, men det er før dei oppdagar at både skulekvardagen, fritidsaktivitetane og opningstidene i idrettshallen er politikk. Då blir tonen fort ein annan.

Ja, ungdommane må truleg få makt for å bli engasjerte. Men det er slett ikkje så sikkert at ein løyser problemet ved å senke røysterettet til 16 år. Nokre 16-åringar er ganske sikkert klare for å røyste ved eit lokalval, andre er det garantert ikkje. Positivt er det uansett at fleire kommunar no får prøve dette ut for å sjå om det fungerer.

Kanskje det beste tipset for å stimulere til engasjement blant unge er at politikarane tek seg tid til å snakke med ungdommane, og ikkje berre til dei. Møt dei på deira eigen heimebane og slå av ein prat om kva som skjer i livet deira. Då kan det hende resultatet blir eit nytt navn på lista, ei ekstra stemme i valet, eller rett og slett berre ein god diskusjon. For alt er jo politikk.

Joakim Kyrre Myklebust frå Eid kommune er ei av eldsjelene bak den lokale rockescenen som opna no i vår. Ikkje ver passiv, men ring, er hans råd til ungdommane som ynskjer å få til noko. Kanskje det rådet også kan gis til politikarane?

UtskriftE-post