Styrk fagmiljøa

LEIAR: Leiar i Akademikerne, Knut Aarbakke, meiner kommunane må byggje opp større fagmiljø for å sikre rekrutteringa av kompetent arbeidskraft i kommunane. Han har eit godt poeng.

Mange kommunar slit med å rekruttere alt frå sjukepleiarar, legar og førskulelærarar til juristar. Når kommunen ikkje klarer å halde oppe kompetansenivået, går det i neste omgang ut over tenestetilbodet og dermed innbyggjarane i kommunen. Dette kan fort bli ein vond sirkel; blir tenestetilbodet dårleg, kan det bli endå verre å få tak i dei rette fagpersonane. Då er gode råd dyre.

Me har sett det før. Kommunane set i gang rekrutteringstiltak som høgare startløn, tilbod om barnehageplass og bustad. Ein vil så gjerne at den nyutdanna legen skal søkje jobb i kommunen og ikkje minst bli der.

Ingen er i tvil om at det vil hjelpe å leggje til rette for at begge partar i eit forhold får seg jobb, at ein har ein plass å bu, og at minstemann får plass i barnehagen. I tillegg skal ein ha ei god fritid; får ein ikkje det, blir ein ikkje lenge. Men kan hende er det vel så viktig å styrkje fagmiljøa?

Kan hende er det minst like avgjerande at miljøet på jobb er stimulerande og utviklande? Kanskje bør kommunen i første omgang satse endå meir enn ein gjer i dag, på å byggje opp eit fagmiljø der kollegaene får midlar og tid til å utvikle seg saman. Truleg er dette lettare å gjennomføre dersom ein samarbeider med andre kommunar.

Og kanskje er det ikkje så langt frå fokuset på barnehageplass og bustad til stimulerande fagmiljø. Det handlar om trivsel.

UtskriftE-post