Endring må til

LEIAR: Etter 22. juli har vi diskutert språk, retorikk og debatt på ein måte vi ikkje har gjort på lenge her i landet.

Somme politikarar og parti har lova å ta sin eigen retorikk opp til vurdering, medan andre er nervøse for debattane og lurer på korleis ein skal vite kor grensene går for kva ein kan seie og ikkje seie.

Det er sett eit høgst tiltrengt søkjelys på kommentarfelt og debattforum, og VG har til dømes valt å krevje at du no er pålogga Facebook-profilen din for at du skal få kommentere saker på VG-nett. Dei har fått nok av søppel i kommentarfelta sine, seier dei. Samstundes finst det stor forståing for at ikkje alle kan eller vil stå fram med fullt namn og bilete når meir personlege tema skal diskuterast.

Semja er uansett stor om at vi må skjerpe krava til debatten og språkbruken vår. Først og fremst ved at vi går i oss sjølve og set ord på det vi veit og kan på ein ærleg og høfleg måte. Men minst like viktig er det at vi vågar å gå inn i ubehagelege debattar og diskutere og korrigere kunnskapsløyse og utskjellingar.

Kunnskap var mantraet på Twitter dei første nettene og dagane etter 22. juli. Frå det smalt i Oslo, gjekk oppmodinga ut: Ikkje sprei uverifiserte rykte. Ikkje sei ting du ikkje er sikker på. Vi treng å vite, ikkje tru. Og slik heldt det fram. Påstandar basert på synsingar og lause rykte vart anten gått i rette med eller tagde i hel.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen tok nyleg initiativ til kampanjen «Jeg skal si ifra». Dette er ein Facebook-kampanje som til no har fått drygt 7000 medlemer, og føremålet er å nedkjempe framandfrykt og rasistiske haldningar i debattfelta til nettavisene. 7000 tilhengjarar er ikkje spesielt mange når ein veit kor mange tusen «likar»-tilhengjarar relativt tøvete saker kan samle på Facebook. Men likevel er det eit prisverdig tiltak. Kampanjen har mellom anna løfta fram iFAKTA, ei samling av nøkkeltal og annan informasjon om innvandring og integrering, som kan lastast ned frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Skal vi no kome vidare, er dette retninga å gå. Fordommar byggjer på kunnskapsløyse og frykt. Debatt må vere tufta på kunnskap og vit, og han må haldast i ein språkbruk vi kan stå inne for om vi vert tvinga til å sjå einannan i auga.

 

 

UtskriftE-post