Nye tradisjonar

LEIAR: Det stundar mot jul, den tida på året då familie, tradisjon, varme og høgtid, men også forbruk, får stå i høgsetet. Tradisjonelt varar jula frå julaftan til 13. dag jul, altså til den 6. januar. Men til stor glede for somme, og til djup irritasjon for andre, byrjar jula no i god tid før advent og blir som regel hiven ut med restane av mat og kaker første nyttårsdag.

Det er ikkje noko nytt, og treng heller ikkje vere så kontroversielt, at ting endrar seg. Også tradisjonar må merkjast av at tida går, noko anna ville vore svært underleg. Mykje av den julefeiringa vi omgir oss med i dag, minner lite om den jula vi feira her til lands for hundre år sidan. Vi gjev fleire og dyrare gåver, julematen blir førebudd med andre råvarer og er også påverka av trendar utanfor oss sjølve. Julebukk er ikkje lenger ein leik for vaksne, juletrea finst i mange slag – også plast – og kyrkjegangen er tilpassa tv-programmet.

Likevel er nok jula den tida som i størst grad inspirerer oss til å børste støvet av tradisjonane våre og trykke dei til brystet vårt med stor varme og glede. Ribba, pinnekjøtet og juletorsken skal førebuast og fortærast nett på same vis som i fjor og året før. Balsamico-eddik og wasabi får stå i fred på julaftan. På bordet står englespelet, som kostar 20 kroner hjå Jernia og truleg har kosta det sidan den tradisjonen vart innført på syttitalet. Cola-nissar og norske fjøsnissar sit arm i arm i sofakrokane og ser på Tre nøtter for Askepott og Lady og Landstrykaren som deler spagettien mellom seg.

Julesongane våre er vi også glade i. Kvart år får vi stadige nyutgjevingar av gamle klassikarar som Det lyser i stille grender, Glade jul og Bjelleklang. Ikkje alle desse songane er norske, vi har lånt dei frå fjern og nær og har gjort dei til ein del av det vi kallar juletradisjonane våre.

I år har Stavanger-artisten Kjell Inge Torgersen gjeve ut ei juleplate med songar på nynorsk. Somme er tradisjonelle nynorske julesongar, medan andre er nyskrivne for dette albumet, og somme er omsette frå engelsk. Eit bra tiltak!

Også artisten Odd Nordstoga har tilført nye skattar til juletradisjonane våre. Gjennom NRK-serien Jul i svingen gav han oss ein ny julesong som vi kan ta med oss inn i høgtida og gjere til vår eigen.

Og med nokre linjer frå Jolevise ønskjer vi alle lesarane våre ei gledeleg jul!

 

Eg vil heim til jol, eg

stå i snøen utpå tunet

og vera klar

når klokkene dei kimar

fyller dalen med den songen

som var før.


Dei helsar med eit mildt drag

fyller husa med godt hjartelag,

og då veit eg at eg høyrer til.

 

Jolevise, tekst og musikk: Odd Nordstoga 2008

UtskriftE-post