Samarbeid kan gi gevinst

LEIAR: Du er ikkje åleine om du tenkjer på luftige svev, bratte fjellsider og friluftslive menneske som likar å ha hjarta i halsen når du tenkjer på Voss. Kommunen har klart det mange andre slit med, dei har klart å bli så godt som synonymt med ein festival, nemleg Ekstremsportveko.

Veko, som festivalen blir kalla på folkemunne, har sett kommunen på kartet og gitt dei ein marknadsføringseffekt med ein svimlande verdi. Med omlag 10.000 besøkjande, 1200 utøvarar og 400 frivillige i sving er Veko eit arrangement som blir lagt merke til – langt utover landegrensene.

Det er Distriktssenteret som peikar på at kommunane burde utnytte marknadsføringseffekten festivalane i kommunen gir bedre. Det har dei rett i. Festivaldagane er eit fantastisk butikkvindauga for å freiste nye turistar, innbyggjarar og arbeidsøkjarar. Klarer ein å vise fram kva kommunen har å tilby til dei 10.000 besøkjande på Voss under Veko er sjangsen stor for at ein får noko attende, iallefall ei mengd med gode Voss-ambassadørar der ute.

Men det krever ein kommuneadministrasjon som klarer å tenkje nye og spreke tankar. Og ikkje minst at kommunen stiller opp når festivalen treng hjelp og støtte. Klarer kommunen å hjelpe til med vegsperringar, regulere festivalområde og liknande praktiske oppgåver kan fort gevinsten bli stor. Samtsundes må festivalen ta ansvar for å marknadsføre kommunen og heimplassen. Ekstremsportveko har gått så langt som at dei har eit stiftingsvedtak på at dei skal marknadsføre kommunen som ein attraktiv plass å leve og bu.

Rauma kommune og Norsk Fjellfestival har likegodt funne fram til det same slagordet; «verdas beste kommune for naturglade menneske». Det sender eit tydeleg signal ut at dei står ilag om eit samla verdigrunnlag. Kanskje nokon blir freista av det?

Utskrift E-post