Viktig språkopplæring

LEIAR: Arbeidsinnvandrarar frå EU har ikkje krav på norskopplæring. Det vil LNK no gjere noko med. No etterlyser dei erfaringar frå kommunane kring korleis dei har løyst utfordringane. Innspela kan gje svar på korleis ein kan styrke denne opplæringa seinare.

Språk er viktig, ikkje minst i arbeidslivet. Avtalar skal inngåast, beskjedar skal gjevast, og mykje av arbeidskvardagen vår er avhengig av at me forstår kvarandre språkleg. Kommunikasjonen mellom arbeidskollegaer er også grunnlaget for integrering og sosialt liv.

Kva gjer ein då, når verken bedrifta eller kommunen du bur i, tek ansvar for at også denne gruppa får norskopplæring?

– Ingen kjenner og tek ansvar. Mest energi blir brukt på å skaffe seg den nødvendige arbeidskrafta, ikkje på å bruke ressursar på språkopplæring. Eg trur dessutan det heng saman med at mange definerer oppgåva som arbeidsgjevaren sitt ansvar, eit ansvar mange ikkje tek, seier tidlegare ordførar i Time kommune, Arnfinn Vigrestad til LNK-avisa.

Han har eit godt poeng i det. For mange bedrifter blir kampen om å få tak i den arbeidskrafta ein treng, viktigare enn språkopplæringa. Men det er ingen løyndom at det både ligg god bedriftsutvikling og økonomisk utvikling i god språkopplæring.

Betre kommunikasjon på arbeidsplassen gjer at jobben blir både sikrare og meir effektivt utført. Men då må nokon ta ansvar. Kanskje spørsmålet er; kva taper ein på å ikkje ha språkopplæring?

Utskrift E-post