Kven skrik høgast?

LEIAR: Dei fleste av oss får eit forhold til helseføretaka og sjukehusa gjennom livet, enten som pasient, pårørande eller tilsett. Sjukehusa er ofte nerven i lokalsamfunnet, ei nerve som bør vere presentert på det språket som mållova slår fast.

Paraplyen Helse Vest har nynorsk som tenestemål. Det har også fire av fem helseføretak i organisasjonen, men der stoppar også likskapen. Medan nynorsken ser ut til å vere eit ikkje-problem i Helse Førde og Helse Møre og Romsdal, slit Helse Fonna og Helse Bergen med å gjennomføre nynorsk som tenestemål.

Ikkje minst skuldast dette reaksjonane. I dei store byane Bergen og Haugesund er innbyggjarane stort sett bokmålsbrukarar, og dermed vekkjer skilt, nettsider og informasjonsbrosjyrar på nynorsk motstand. I det bildet blir klagene på manglande nynorskbruk i helseføretaka få og engasjementet snudd litt på hovudet.

Språkrådet fekk inn om lag 10 klager på målbruk i helseføretaka som ligg innunder Helse Vest i 2011 og 2012. Etter det kommunikasjonsavdelinga i Helse Bergen seier, er klagene andre vegen både fleire og større. Dermed er det ikkje dei som blir råka av brot på mållova, som skrik høgast.

Argumentet til Helse Bergen om at dei ikkje hadde økonomi til å skifte ut skilta på Bergen universitetssjukehus i 2004 då dei vart lagde under mållova, men at dei valde å gjere det etter kvart som skilta måtte skiftast av andre grunnar, kan ein til dels forstå. Likevel er det truleg viktigare enn nokon gong at også sjukehusa og helseføretaka viser lokal identitet og er tydelege i sin språklege kommunikasjon – på det tenestemålet mållova meiner er korrekt. 

Utskrift E-post