Nøkkelen til integrering

LEIAR: Norskundervisning for innvandrarar er i vinden. Ferske tal viser at mange innvandrarar som bur i nynorskkommunar, framleis får undervisning på bokmål. Medan nokre argumenterer med at innvandrarane likevel kjem til å flytte på seg og difor treng bokmålsundervisning, meiner andre det er enklare for innvandrarane å lære seg bokmål framfor nynorsk.

Språk er og blir ein av dei viktigaste faktorane i integreringsprosessen. Kan du språket, er det lettare å gå på butikken og handle, det er lettare å få jobb, og det er lettare å forstå kva læraren seier på foreldremøtet. Språket er nøkkelen til å bli ein del av eit lokalsamfunn – noko som igjen kanskje sikrar at innvandrarane ikkje flyttar, men buset seg i den kommunen der dei lærte norsk.

Det er heilt korrekt at mengda undervisningsmateriell på nynorsk for denne gruppa er mindre enn det som er tilgjengeleg på bokmål. Men nynorskmateriellet finst, mange kommunar vel å undervise på nynorsk og lettar med det integreringa for innvandrarane.

Avisa Klart og kort er ei kortutgåve av Klar tale på nynorsk og eit nyttig verktøy i norskundervisninga. Redaktør i Klar tale, Kristin Steine Bratlie,meiner bestemt at nyhende er aktualisert skulemateriell som gjev læringsglede. Det er nok mykje rett i det.

Me konkluderer med at det er viktig for innvandrarane i nynorskkommunane å lære nynorsk, og at god språkopplæring er god integrering.

Utskrift E-post