Økonomispråket

LEIAR: Det er ein klisjé at nynorsk berre kan brukast i poesi og djupe litterære skildringar. At nynorsk ikkje er brukande i nyhende, til dømes innan sports- og finansjournalistikken, i programvare eller på børsen, er også ein forelda tanke.

Desse sperrene er det på tide å rive ned.

Vidar Homme er banksjef i Valle Sparebank. Han og fleire banksjefar med han har over tid etterlyst nynorske nettbankar i Terra-systemet. Han meiner det er på tide at kundane hans ikkje berre kan lese nynorske saker på nettsidene eller i epostane dei får frå banken, men at dei skal møte nynorsken i kvardagen der dei er aller mest, nemleg i nettbanken.

Ofte møter ein argumentet om at ei omlegging til nynorsk vil koste meir enn det smakar. Difor er det endå viktigare å formidle at språket er viktig for kundane.

Får ein det til, vil nynorsken erobre nok ein arena. Det er eit tydeleg signal dersom Terra-alliansen no går med på å lansere ein nynorsk nettbank, noko som ser ut til å bli ein realitet alt dette året.

Sparebankane har sjølve omsett tekstar frå bokmål til nynorsk, det viser ein ekte vilje til å gje kundane eit godt tilbod, også på nynorsk. Og ved å få leiinga i Terra-alliansen med seg viser dei at det hjelper å vere fleire saman når ein skal nå eit mål.

Nynorsk er ikkje berre eit litterært språk, det er også kvardagsspråk – også når rekningane skal betalast.

UtskriftE-post